– Det er tøft å miste ein spelar så tidleg, spesielt når det er snakk om ein så viktig spelar. Likevel kom vi tilbake i kampen, men med ein mann mindre vart det vanskeleg, seier Colombia-trener José Pékerman.
Colombias store stjernespelar, James Rodríguez, måtte starte på benken grunna ein strekkskade. Men då søramerikanarane trengde som mest tok erstattaren Juan Quintero ansvar på smart vis.
Japan leia 1–0 då Colombia fekk frispark i det 39. minutt. Quintero valde ein markkrypar som gjekk under Japan-muren og heilt nede i den sprellande keeperen Eiji Kawashima sitt venstre hjørne.
– Heilt korrekt straffe
Juan Quintero er eigentleg Porto-spelar, men har aldri slått gjennom der og blitt lånt ut til ei rekkje klubbar dei siste åra. 25-åringen auka nok marknadsverdien sin med denne frekke scoringa.
Og scoringa var svært viktig for eit Colombia-lag i trøbbel.
For allereie etter to minutt og 56 sekund fekk Colombia-midtbanespelaren Carlos Sánchez raudt kort etter å handsa i straffefeltet.
VMs første utvising
Dette var det første raude kortet i årets VM, og også det første raude kortet Colombia har fått i VM nokon gong – i deira 19. kamp sidan debuten i 1962.
Det raude kortet var også den nest raskaste gjennom VM-historia.
Tidlegare Manchester United-spelar Shinji Kagawa – no i sitt andre opphald i Borussia Dortmund – var sikker frå 11-meteren.
Avgjorde med hovudet
Colombia klarte seg lenge bra med 10 spelarar på bana. Men etter pause gjekk det langt tyngre. Takashi Inui fekk gode sjansar til å sende Japan i leiinga både i det 54. og 57. minutt. Colombia-keeper David Ospina redda ved begge høva.
I det 58. kom James Rodríguez på bana, utan at det gav den heilt store effekten.
Etter 72 minutt var Hiroki Sakai svært nær scoring. Like etter kom endeleg 2-1-scoringa då Yuya Osako heada ballen i mål etter ein dødball.
– Å score mål i VM har vore ein draum sidan eg var liten. No er eg ekstremt glad, seier Osako, som vart kåra til den beste spelaren i kampen av VM-arrangøren.
Innbytar Rodriguez kom til ein god sjanse som vart blokkert i det 78. minutt.
Men Japan drog til slutt i land tre poeng, noko som gjer at den i utgangspunktet svært opne gruppe H ser endå opnare ut.
Klokka 17.00 spelar Senegal mot Polen i same gruppe.
Japan opp i ledelsen
Japan opp i ledelsen
0:13Rødt kort til Carlos Sanchez
0:27Colombia utligner
0:29Japan opp i ledelsen igjen
0:19