Ronny Deila er blitt fast inventar på treningsfeltet til Vålerenga. Det har gitt spelarane ein ekstra motivasjon for å prestere på trening.
– Det gir ein ekstra motivasjon i spelargruppa. Me veit det kjem ein ny trenar, og det er fleire som føler at dei har litt å bevise, og vil vise litt ekstra på trening.
Det seier Jonatan Tollås Nation til NRK. Han får støtte av forsvarskollega Kjetil Wæhler.
– Det ser ut som det er fleire som har teke seg i nakken. Dei ser han står på sida og følger med. Det er viktig å prestere maks no, det kjem eit neste år også, so det blir spennande å sjå kven som blir med vidare.
Vil ut av sumpen
Hovudtrenar Kjetil Rekdal er også godt nøgd med å ha den tidlegare Celtic-trenaren til stades.
– Det er kjekt å ha han rundt oss. Han observerer, og kjem med innspel, og slik blir det til neste år også. Det blir bra, det.
Sjølv med siger mot Start, må Vålerenga finne seg i å ligge nest sist på tabellen. Med nye tre poeng mot Molde, kan dei gå forbi Aalesund og Stabæk, og klatre vekk frå nedrykksplass.
– Me er på veg ut av sumpen, og satsar på å ha eit psykologisk overtak på Molde, seier Wæhler. Han innrømmer at det har vore tunge veker på trening, men at humøret er lettare etter sigeren på bortebane.
– Ein siger og tre poeng gjer mykje med gruppa. Det var lenge sidan sist.
At tre poeng smaka godt, det er Rekdal samd i.
– Treningsmessig er det som vanleg, men det hjelp på humøret.
– Lukkast ikkje kvar helg
Og det er heller ikkje eit Molde i storslag som ventar på Ullevaal i kveld. Moldensarane har sanka eit fattig poeng på dei siste fem kampane. Rekdal håpar at den trenden held fram.
– Dei har slite litt dei også, forhåpentlegvis slit dei i ein kamp til. Det blir ein tøff og viktig kamp.
Rekdal påpeikar at det er vanskeleg å prestere i kamp etter kamp, men at det hadde vore herleg å komme seg vekk frå botnstrida.
– Du vinn ikkje alle kampane dine. Du lukkast ikkje kvar helg. For oss handlar det om å ta poeng, og komme seg unna den ubehagelege nedstrykkstreken.
Forsvarar Tollås Nation trur dei svake resultata har påverka mentaliteten i laget, sjølv om det ikkje har synt seg på trening.
– Eg tippar det var mange som gjekk rundt med eit kunstig smil dei siste vekene, sjølv om ikkje alt var bra.