Baklengs-løp, myr-snorkling, badekar-padling (single og synkront) og stiletthæl-løp. Dei pågåande leikane i Wales er verkeleg alternative samanlikna med OL i London.
Det er i den knøttvesle landsbyen Llanwrtyd Wells i Wales det skjer i desse dagar.
Det «alternative OL» opna 17.august, og skal - som det noko større og litt dyrare arrangementet i London - vare i 16 dagar. 35 øvingar står på programmet.
– Deltakarane er minst like opptekne av sin idrett som det OL-deltakarane er. Dei trenar kanskje ikkje fullt så hardt, men dei har heilt sikkert meir moro, seier Gordon Green. Hotell- og pubverten i byen er ein av initiativtakarane.
(Saka held fram etter videoen)
Forlova i myra
Det kan han trygt seie etter myrsnorklinga i leikane i år.
deltok begge. Simon kom først i mål.Då Elinor passerte målstreken like etterpå, venta Simon med ei gåve - ein forlovingsring. - Vil du gifte deg med meg? spurde han i det Elinor steig opp frå myra. –Ja, svara Elinor medan tårene blanda seg med myrvatnet.
– Eg ante absolutt ingenting på førehand, sa Elinor etterpå.
– Det er slikt som dette som gir myrsnorkling meining.
Konebæring er ein finsk-dominert idrett, og Taisto Miettinen og Kristiina Haapanen vart
i denne idretten i World Alternative Games. Men dei er rutinerte, for sigeren var den 11. internasjonale tittelen for den 48 år gamle finske advokaten og kona hans.– No har vi gjort jobben vår. I morgon skal vi delta i myrsnorkling for moro skuld sidan vi likevel er her, sa Miettinen.
(Saka held fram etter videoen)
Russisk egg-rulett
Den tidlegare spa-byen i Wales er kjend for sine noko spesielle meisterskap tidlegare, men det er første gongen programmet har fått olympiske dimensjonar. Den lokale regjeringa i Wales sponsar arrangementet med 500.000 pund, nesten ein halv million kroner.
«Kjende» øvingar som stein-saks-papir, tønnerulling, konebæring og 60 meter stiletthæl-løp står også på
, saman med badekar-roing duett, myr-snorkling, grøfteløp og russisk eggrulett.Det har vore alternative idrettskonkurransar i mindre skala i Llanwrtyd sidan 1980. Men ideen om eit så stort arrangement over så mange dagar vart fødd i 2005, då London fekk tildelt årets OL. Dermed var byens alternative leikar eit faktum.
- Les:
Myrsnorkling og badekar-padling
Tradisjonelle øvingar som mann mot hest (kven spring raskast over 35 kilometer) og VM i myrsnorkling er ein del av leikane. Men det skjer så mykje mykje meir i den walisiske småbyen i desse dagane. Nokre døme:
- Russisk egg-rulett: Av fire egg er eitt hardkokt. Deltakarane skal ta eitt egg og slå mot hovudet. Førstemann som tek det hardkokte egget, vinn
- Kone-bæring: Ein mann skal bære kona si så raskt som mogeleg i 800 meter. Eller kona kan bære mannen, eller begge kan vere av same kjønn - det betyr ingenting. Premien er så mange kilo ølboksar som vekta på personen som vinnaren bar. Denne idretten er elles mest kjend frå Finland.
- Stiletthæl-løp: Deltakarane skal springe 60 yards i sko med stilletthælar. Konkurransen er også open for menn.
- Badekar-padling: Her gjeld det å padle eit badekar raskast mogeleg. Det blir konkurrert i heat på fire og fire, og dei ebste går vidare. Distansen er 100 meter. Det er to klasser - single og synkron. I synkron sit deltakarane med ansiktet mot kvarandre, slik at den eine må padle framover og den andre bakover. Dette skal visst vere ein "höjdare".
- Kontorstolslalåm: Du sit i ein vanleg kontorstol og skal ved hjelp av beina siksakke deg gjennom ei slalåmløype. Det blir konkurrert i to omganger
Sjå faktaramme for fullstendig program!
Mannen eller hesten
Mann mot hest er den mest tradisjonelle av øvingane. Den oppsto som resultat av ein intens pubdiskusjon over halvliterane, og kven som på visse vilkår kan kome først i mål - mannen eller hesten.
– Eg overhøyrde diskusjonen og begynte å tenke over det. Dette var verd å prøve, seier Green. Han konkretiserte ideen, og det førsrte VM i mann mot hest gjekk av stabelen i 1980.
Løpet er ope for alle. Mennene (og kvinnene) får 15 minutt forsprang. Løpet er 22 engelske mil, det er drygt 35 kilometer, og gjennom svært variert underlag og terreng.
Hestane vinn oftast -
. Men to gonger - i 2005 og 2007 - har menneska vunne, rekorden er 11 minutt før beste hest.Myrsnorkling-VM er også ein tradisjonell idrett som har sitt årlege VM i byen. Men elles er mange av øvingane på programmet i Llanwrtyd Wells for første gong.
(Saka held fram etter videoen)
Kulturelt program også
No er leikane komne for å bli. Annakvart år skal dei arrangerast, og i motsetning til eit OL så har dei alternative leikane sin faste by og sine faste arenaer.
Og som det seg hør og bør i eit så stort arrangement er det også kulturelle eventar samstundes - musikkfestival, pubbquiz og masse anna. Ialfall ifølgje arrangøren.
Så har du ikkje høve til å delta eller sjå på i år, er det berre to år til 2014. - Vi ser fram til at du kjem, seier arrangøren.
Og uansett er det meir moro att i år også. Leikane sluttar ikkje før 2. september.