Hopp til innhold

Otto Tschudi: – Stein var mitt idol heile mitt liv

Otto Tschudi hadde kontakt med sin mangeårige kamerat kvar månad heilt til det siste.

Stein Eriksen

TALTE LIKE FØR SIN DØD: Stein Eriksen vart eit ikon i USA etter at han som førstemann leia eit nasjonalt skiprogram på tv

Foto: Børretzen, Sverre A. / NTB scanpix

– Stein har vore mitt idol hele mitt liv, seier Otto Tschudi om sin ven gjennom mange år, Stein Eriksen, som døydde i natt.

– Eg var ikkje meir enn tre år gammal då Stein tok sit OL-gull like utanfor døra der eg sit no, seier Tschudi på telefonen frå hotellet på Norefjell. Tschudis selskap har nettopp kjøpt det gamle anlegget der.

Det var der dei alpine konkurransane gjekk i 1952, og det var der Stein Eriksen overraskande slo alle mellomeuropearane i storslalåm. I slalåm gjekk det ikkje så mykje dårlegare, han tok sølv.

– Vi har halde kontakt heile livet, og snakkast kvar månad. Eg snakka med han for berre nokre dagar sidan. Han var svak dei siste dagane, seier Tschudi.

– Han var eit fantastisk menneske og hugsa på alle.

Tschudi var sjølv aktiv alpinist i nærmare 25 år, både før og etter at verdscupen var etablert. Han fekk med seg eit NM-gull i 1969 og OL-startar både i 1968 og 1972. Seinare flytta han også til USA, og bur no i San Francisco.

Talte for dei tilsette for få dagar sidan

For berre nokre få dagar sidan var Stein Eriksen på skisenteret han dreiv og snakka med dei tilsette.

– Han heldt ei fin tale på ti minutt og fortalde korleis det stod til, fortel Tschudi.

Eriksen hadde parkinsons sjukdom, ein sjukdom som gjer at ein gradvis mister kontrollen over musklane.

– Dagen etter 80-årsdagen hadde han eit skiuhell, og det sette nok det heile i gang. Seinare blei han verre etter kvart.

– Men han var heile tida heilt klar, og alltid i godt humør.

Stein Eriksen var den første med skiprogram på nasjonalt tv i USA, med skitips på kanalen ABC.

– Han var med på å få skisporten til å vekse til ein «glamorous sport».

Genser som mor strikka

Stein Eriksen

GENSER FRÅ MOR: Her er Stein Eriksen i aksjon under OL på Norefjell i 1952 – i genseren som hans mor hadde strikka

Foto: NTB / NTB scanpix

– Han køyrde alltid utan lue og med marius-genser som hans mot Bitten hadde strikka. han var eit idol for mange i skisporten i Amerika, fortel Otto Tschudi.

– Han har nok gjort meir for skisporten i Amerika enn i Norge, fordi han flytta til USA i 50-åra.

– For meg var han eit idol med gode verdiar – både som toppidrettsman og måten han var overfor andre menneske. Og ikkje minst hans framferd ute i det offentlege rom. Det er mange som ikkje tenkjer på korleis dei er i kvardagslivet, seier Tschudi.

Sportsnyheter

Alexis Mac Allister får behandling

Liverpool freser etter denne situasjonen: Lå blodig på gresset da motstanderen scoret

Liverpool-stjernene reagerte kraftig mot dommeren etter en blodig hodesmell. De får støtte av flere eksperter.

samling

Har blitt «ekspertar» på reising: Takkar Taylor Swift og strikketøyet

Denne gjengen reiser verda rundt nesten 250 dagar i året. For å vere i toppform når det gjeld har Ingrid Landmark Tandrevold og resten av gjengen fleire lure tips.

en mann med hjelm som klemmer en annen mann

Hushovd skaka etter norsk sykkelbragd: – Heilt ellevilt!

Uno-X er klare for det øvste nivået i sykkelsporten. Duellen mot franske Cofidis utvikla seg til å bli svært nervepirrande.

Siste nytt

  • Isak Frey toer i showrenn foran 18.000 tilskuere

    Isak Frey ble nummer to i et showrenn i skiskyting i München søndag foran 18.000 tilskuere. Eric Perrot fra Frankrike ble litt for sterk i finalen.

    Vebjørn Sørum og Sturla Holm Lægreid var øvrige nordmenn i mennenes finale. De ble henholdsvis nummer fire og sju.

    I kvinneklassen vant italienske Lisa Vittozzi foran svenskene Johanna Skotheim og Anna Magnusson.

    Karoline Knotten var eneste norske finalist og havnet på 6.-plass.

    (NTB)

    en mann med hjelm og hockeykølle
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Feira framfor Vålerenga-fansen: "Uspiselig"

    Vålerengas Mathias Grundetjern var klar i talen då han prata med NRK etter 2-1-tapet mot HamKam, søndag.

    Ylldren Ibrahimaj skåra heimelaget sitt andre mål og jubla opp mot «Klanen».

    «Uspiselig» kallar Grundetjern det.

    I eit intervju med TV 2 før kampen, kalla Ibrahimaj også Vålerenga-fansen for «søpla».

    – Dei bua mot oss då me kom på oppvarming, på vår heimebane. At dei buar på oss, då må dei tole å få litt tilbake, seier Ibrahimaj til NRK.

    Grundetjern, som skåra Vålerenga sitt einaste mål, var ikkje fornøgd med korleis Ibrahimaj oppførte seg mot bortefansen.

    – Han er tidlegare LSK-spelar, så det seier jo sitt, seier Vålerenga-spissen.

    – Fotball er følelsar. Dei meine kva dei vil. Men når dei buar på oss på heimebane, då må dei tole å få tilbake, seier Ibrahimaj.

    en mann i hvit skjorte
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Innbytter berget KFUM-poeng mot KBK etter sekunder på banen

    Mame Mor Ndiaye ble løsningen da KFUM Oslo stanget lenge hjemme mot Kristiansund i Eliteserien. Han satte inn 1-1 og ordnet uavgjort i søndagens kamp.

    KFUM Oslo ligger på 7.-plass i Eliteserien med 34 poeng, mens KBK på 11.-plassen har 31.

    I neste serierunde har Kristiansund en viktig hjemmekamp mot HamKam, mens KFUM gjester Sarpsborg. (NTB)

    En gruppe fotballspillere på en bane
    Foto: Annika Byrde / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal