Hopp til innhold

– Tryggleiken har ikkje vore god nok

Tryggleiksrådgivar Per Torsheim er kritisk til Wadas tryggleikssystem etter at russiske hackarar i dag har publisert sensitive medisinske opplysningar om OL-utøvarar.

ATHLETICS-CORRUPTION/WADA A woman walks into the head offices for WADA in Montreal

HACKA: Wada sine system er hacka av russarar, og sensitiv informasjon er lekka på internett.

Foto: CHRISTINNE MUSCHI / Reuters

Allereie for to veker sidan opplyste generalsekretæren i det internasjonale antidopingbyrået (Wada) til NRK at Russland prøvde å hacke dei kvar einaste dag.

I dag ser det ut som dei faktisk har lukkast med angrepa, då nettstaden Fancybears.net har publisert medisinsk informasjon om fire amerikanske OL-utøvarar, blant anna søstrene Serena og Venus Williams.

Det meiner tryggleiksrådgivar Per Torsheim vitnar om dårleg datatryggleik.

– Med eit lite forbehold er det veldig fristande å konkludere med at tryggleiken ikkje har vore god nok.

– Brot på menneskerettane

Torsheim har lang erfaring med nettryggleik og linkar denne saka opp mot Ashley Madison-saka frå i fjor der personlege opplysnigar frå den internasjonale utroskapssida blei lekka. Han meiner at begge deler er brot på menneskerettane.

– Å få sine data utlevert er ei krenking av det universelle kravet på personvern i følge FNs menneskerettskonvensjon, seier Torsheim.

Venus Williams

BROT PÅ MENNESKERETTAR: Venus Williams er ein av dei utøvarane som har fått medisinsk informasjon spreidd på internett. Det er krenking av menneskerettane, meiner tryggleiksekspert.

Foto: Charles Krupa / Ap

Dopingjeger Inggard Lereim er også forskrekka over at slik informasjon kjem ut.

– Det er eit brotsverk på eit ytterst alvorleg nivå. At Wada har so usikre system er skremmande for folk i idrettsverda.

Han brukar denne saka som eksempel på at tryggleikssystemet deira ikkje har vore god nok.

– Det at slik informasjon kjem ut er eit godt bevis på at det ikkje er godt nok. Det skal vere ein ubrytbar mur som ein ikkje skal komme gjennom. Dette er tillitssvekkande for Wada.

Simpel metode

Etter det Torsheim forstår, er det snakk om enkle metodar som er brukt for å få tilgang til den sokalla Adams-basen, der informasjon om utøvarar frå heile verda ligg.

Hackarane skal ha sendt epostar med falske linkar for å få tilgang til IOC-medlem sine brukarar.

– Det enklaste er ofte det beste, og målretta epost-fisking fungerer ofte utruleg bra, seier Torsheim

At hackarane har komme seg inn i systema med denne metoden tyder på at det ikkje har vore eit tryggleikssledd til, altså ein tofaktorautorisering. Ei slik løysing hadde gjort det tilnærma umogleg å komme seg inn.

– Dei burde ha gjort systema sine betre frå starten av, men det er sjølvsagt lettare å seie enn å gjere. Wada er ein stor organisasjon, og tryggleiksoppgraderingar er ikkje gjort i ein fei.

Siste nytt

  • To utvisninger for Lilleberg i Tampa-tap mot Washington

    Norske Emil Lilleberg pådro seg to utvisninger da Tampa Bay Lightning tapte 3-2 mot Washington Capitals i den amerikanske hovedstaden.

    Det stod 2-2 ved full tid, og lagene måtte derfor ut i overtid.

    Der trengte Washington Capitals-spiller Jacob Chychrun bare et drøyt minutt før han sørget for 3-2 til hjemmelaget.

    Emil Lilleberg fikk 16 minutter på isen og 4 i utvisningsboksenfor Tampa Bay Lightning. Nordmannens første tominutter kom i andreperiode for tripping, mens en krysstakling i den siste perioden kostet ham ytterligere to minutters utvisning.

    (©NTB)

    Emil Lilleberg i NHL-drakt skøyter i en ishall.
    Foto: Reuters
  • Ronaldo med ny rekord

    Cristiano Ronaldo (40) så ut til å sende Portugal til fotball-VM, men på overtid fikk Ungarn med seg 2-2.

    Dermed må portugiserne vente på å booke plass i neste års sluttspill i Nord-Amerika. Festen ble spolert av Dominik Szoboszlai i det 91. minutt.

    Ronaldo har allerede mange rekorder på merittlista, og tirsdag kom det en ny ved å bli tidenes mestscorende spiller i kvalifiseringer til VM.

    Ronaldo satte milepælen da han fra kort hold gjorde 1-1 halvveis ut i første omgang. Med det var han forbi tidligere Guatemala-spiller Carlos Ruiz, som stoppet på 39 mål.

    Rett før pause rykket han ytterligere ifra. Ronaldo tok Portugal i ledelsen på en ball fra Nuno Mendes.

    40-åringen står med 143 landslagsmål og 948 totalt i karrieren.

    (NTB)

    Ronaldo
    Foto: Reuters
  • England klar for VM etter storseier

    5-0 og booket plass i neste års VM som første europeiske lag.

    Oppgjøret i Riga ble aldri spennende. England hadde full kontroll og ledet 3-0 til pause.

    Anthony Gordon skrudde inn åpningsmålet etter en snau halvtime, mens Kane gjorde to kjappe i det 44. og 45. minutt.

    Det skjedde etter at England-kapteinen hadde sløst med sjansene. Kane scoret først på et distanseskudd, og fra straffemerket økte han til 3-0.

    Bayern München-spissen er med sine 76 mål på 110 kamper med klar margin tidenes mestscorende spiller for England.

    Etter hvilen kom 4-0 etter et selvmål av Maksims Tonisevs. Mot slutten kom også innbytteren Eberechi Eze på scoringslista.

    Thomas Tuchels lag har full pott (18 poeng) og målscoren 18-0 etter seks kamper.

    Det er 17. gang at Englands er klar for VM på herresiden. Nasjonen har ikke feilet med å ta seg til et verdensmesterskap siden «Three Lions» ble treer i en kvalifiseringspulje Norge vant foran 1994-sluttspillet.

    Neste års VM spilles i Canada, Mexico og USA.

    (NTB)

    Harry Kane,
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal