Hopp til innhold

– Den fella er det lett å gå i

ASPEN (NRK): VM-favoritt Kjetil Jansrud innrømmer at Wengen-nedturen og Kitzbühel-oppturen kosta krefter. Like før VM er han på vakt for formfella mange alpintstjerner hamnar i.

Kjetil Jansrud

Kjetil Jansrud er klar for å ta sitt første VM-gull i karrieren. Her i Highlands Alehouse i Aspen.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

Kjetil Jansrud slår seg ned ved eit bord i Highlands Alehouse etter trening i Norges spesialløype i Aspen.

Det er bare ei knapp veke sidan han blei den siste på lista over dei aller største utforlegendane i verda.

Hermann Maier, Franz Klammer, Didier Cuche - og Kjetil Jansrud. Alle har vunne den sagnomsuste Kitzbühel-utforen og blitt hylla framfor minst 20 000 fans i bånn av Hahnenkamm-løypa.

VM-favoritt Jansrud innrømmer at ein hard, men stor januar månad har tatt på.

– Eg har ikkje eit ekstremt hektisk liv, men det kostar mykje å vere i Wengen og Kitzbühel. Der er det ekstra masse media og ekstra tøffe løyper.

– Ein kjenner at batterikapasiteten går nedover, seier 29-åringen.

Jansrud på løpetur i Miami.

Kjetil Jansrud ladet opp til VM på en strand i Miami. Også der ble det trening. Foto: Lars Mæland

I Kitzbühel droppa Jansrud den berykta etterfesten på puben Londoner, susa avgarde til sveitsiske Zürich og kasta seg på eit fly til Miami.

Sjelden har alpintstjerna hatt ein meir etterlengta ferie.

– Det var «digg» det. Ferien var bare to og ein halv dag lang, men likevel nok til å starte litt på ny. Eg kjente det var godt å ikkje bare fokusere på ski, seier Jansrud.

Marerittoppkøyring

Stemninga på Highlands Alehouse i Aspen står i sterk kontrast til kaoset rundt Jansrud like før han «rømte» Europa.

I Austerrike kunne ikkje 29-åringen gå ut av arenaen utan at fleire hundre fans flokka seg rundt for å få autograf eller «selfie».

Det var ikke lett for den nybakte utforvinneren Kjetil Jansrud å komme seg fordi horder av fans og journalister. Foto: Hans Henrik Løken

VIDEO: Kaos rundt Jansrud etter Kitzbühel-triumfen.

Etter trening i Aspen er det bare tre alpinistar av den yngste garde som oppsøker verdas beste fartskøyrar.

«Can I have your autograph?» spør den forventningsfulle trioen medan dei vender blikket oppover mot mannen som etter karrieren kan stå igjen som ein av dei største utforstjernnene alpinthimmelen.

Men då må han først lukkast i VM, der han av dei aller fleste blir sett på som den største favoritten til å vinne utfor og Super-G.

jansrud

Så letta blei Kjetil Jansrud då han vann Kitzbühel-utforen med to hundredelar.

Jansruds beste VM-plassering til no er 5.-plass i storslalåm i Garmisch-Partenkirchen i 2011, like bak lagkamerat Aksel Lund Svindal.

«Dei klassiske plassane som ikkje betyr nokon ting,» sa ein skuffa Jansrud etter sitt beste VM-renn.

Også før denne sesongen frykta Jansrud at han stort sett kom til å hamne på dei plassane som ingen bryr seg om.

Han var i alle fall pessimistisk etter ei sesongoppkøyring der landslaget måtte leite verda rundt etter å få trene på snø - stort sett utan å lukkast.

Det heile starta i mai i fjor då delar av landslaget måtte avslutte treningsopphald i Røldal nokre dagar tidlegare enn planlagt.

Samme månad måtte Jansrud vende slukøyra heim frå treningsleir i austerrikske Kaunertal. Dårlege forhold halverte lengda på opphaldet.

Etter kvart blei lista over amputerte treningssamlingar lengre og lengre.

Det gjorde Jansrud ukomfortabel før ein sesong som utruleg nok skulle bli hans største så langt i karrieren.

Kjetil Jansrud

Kjetil Jansrud skriv autografar i Aspen.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

Fella Jansrud vil unngå

Fem verdscuptriumfar seinare - ein av dei i VM-bakken i Beaver Creek - sit han igjen med alle tiders utgangspunkt framfor sesongens store høgdepunkt.

Likevel føler ikkje fjorårets idrettsutøvar i Norge at han er hundre prosent klar for VM-start.

– Eg er ikkje på «maks» heilt enno, men det er framleis nokre dagar igjen. Eg er ikkje bekymra for det.

Men OL-vinnaren frå Vinstra påpeiker også at formen plutseleg kan få ein brutal sving nedover. Det har skjedd dei aller beste, fortel Jansrud.

– Det er ei utfordring. Vi alpinistar er i så god fysisk form at vi ikkje merkar at vi blir slitne. Vi merkar det først og fremst når det ikkje går like raskt i bakken som før.

Og det kan komme plutseleg, ifølgje Jansrud. Ein kan altså føle seg som verdas beste før alvoret startar, men få seg ei brutal overrasking når rennet er i gang.

– Den fella er det lett å gå i. Det har skjedd mange tidlegare alpinistar - også norske. Vi kan plutseleg få dårlege resultat utan å skjønne heilt kvifor.

– Det må eg unngå. No skal eg bruke dagane godt til å komme opp på høgda igjen både fysisk og mentalt.

SPO-WIT-SKI-201

KONGEN AV BEAVER CREEK: Kjetil Jansrud vann Beaver Creek-utforen i desember. No er han tilbake i samme bakke for å kopiere triumfen og ta gull i VM.

Foto: EZRA SHAW / Afp

VM-planen

Om ei veke, to veker etter Kitzbühel-triumfen, kan Jansrud vere VM-konge med triumf i Super-G og utfor.

Det er planen, sjølv om konkurransen i toppen er ekstremt hard.

Og få andre i alpintsirukset kan seie at det vil smake like godt å endeleg lukkast når det gjeld som mest.

Vegen fram mot favorittstempel i Beaver Creek har til tider vore ein knallhard kamp.

– Det har aldri vore moro å sjå lagkameratar og konkurrentar trene for å bli bedre på ski medan eg har trena for å komme tilbake etter skade.

Etter at han vann Europacupen i 2006 fekk han ryggprolaps, som fikk pappa Jan Jansrud til å tenke at karrieren var over.

Fortsatt må Norges utforstjerne jobbe kvar dag med å halde ryggen i sjakk.

I 2013 rauk han også korsbandet under VM i Schladming.

– Det har tatt veldig mykje lengre tid enn eg hadde sett for meg å komme til topps. Sånn sett er det er deilig å sitte her og vere favoritt.

– Eg føler ikkje at det har skjedd mot alle odds, men eg har måtta lære meg å vere tålmodig på vegen.

Storslalåm blir øvinga Jansrud prioriterer etter utfor og Super-G i VM. I kombinasjonen, med utfor og slalåm, ser han på seg sjølv som nærast sjanselaus.

29-åringen kjem ikkje til å terpe på slalåm i håp om å ta medalje i den konkurransen.

– Vi har viktigare ting å bruke tida på. Om det er ei treningsøkt med storslalåm som avgjør om eg kjem på pallen der går eg heller for det enn å prioritere slalåmtrening. Er eg heldig kan eg gjennomføre ein god kombinasjonsslalåm, men der er vegen opp veldig mykje lengre enn i storslalåm.

Alpinlandslaget har fått laget en kopi av starten på «Birds of Prey»-løypa i Beaver Creek.

Kjetil Jansrud har lada opp til VM på ei spesiallaga rampe, som er ein kopi av starten i VM-løypa.

– Ekstremt farleg

NRKs ekspert Kjetil André Aamodt er ein av dei store alpintstemmene som har spådd eit stort VM for sin namnebror Kjetil.

Og sjølv om Jansrud har fått slite med kok og trøkk lovar han at han er like tent på å vinne som då han vann sesongens første verdscuprenn i kanadiske Lake Louise.

– Når du har slappa av ved bassengkanten i Miami - har du då tenkt på kor stort VM kan bli for deg?

– Det er ekstremt farleg å tenke framover i tid. Samtidig som det er farleg å tenke bakover. Ein er avhengig av å leve i nuet for å lukkast, seier Jansrud.

– Ein førebur seg ikkje ved å tenke på det store som kan skje, så eg har tenkt lite på kor stort VM kan bli. Det gjeld å sjå på VM som eit blankt ark, så får eg bare konsentrere meg om å køyre så raskt som mogleg på trening.

Kjetil Jansrud ble hyllet av 20 000 fans under medaljeseremonien.

VIDEO: Ellevill feiring av Kjetil Jansrud

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal