Hopp til innhold

– «Rumble in the jungle» mellom to gigantar i sin beste sprint-alder

Bislett-stjerneduellen mellom Usain Bolt og Asafa Powell blir nærast som å sjå OL-finalen i London seinare i sommar – eller den største boksekampen i historia, meiner eks-sprinter John Ertzgaard.

Bislett

Eks-sprintar John Ertzgaard samanliknar duellen mellom Asafa Powell og Usain Bolt med den mest kjende boksekampen i historia: Møtet mellom Muhammad Ali og George Foreman i 1974.

– Det blir «showdown». Det blir «rumble in the jungle». Det blir som den historiske boksekampen mellom George Foreman mot Muhammad Ali, og dette skjer i Oslo, seier eks-sprinter John Ertzgaard lattermildt.

Tidlegare i år blei det klart at verdas raskaste mann, Usain Bolt, også denne sesongen kjem for å konkurrere under Bislett Games.

No har lynet frå Jamaica fått ein verdig konkurrent. Bare seks veker før OL i London stiller verdas tredje raskaste mann, Asafa Powell, side om side med Bolt.

– Asafa er den beste

Og konkurrentane frå same nasjon er ikkje bare dei beste sprintarane i si tid, meiner Ertzgaard.

– Vi får dei to beste sprintarane på planeten gjennom tidene. Powell er verdas beste, meiner eg. Han har bare ikkje fått vist det enno. Og Bolt er jo verdsrekordhaldar.

Bare amerikanske Tyson Gay skil hurtigtogene med legendestatus i friidrettshistoria (sjå faktaboks). Han kjem riktig nok ikkje til Bislett Games.

Det gjør derimot to stjerner som no ligg rundt sin absolutt beste sprintalder.

– I sprint er ein eigentleg på ein absolutt topp når ein er rundt 27–28 år. Usain er 25. Asafa er 29, men det spesielle med han er at han ikkje er på veg ned heilt enno. Ein har jo sett tidlegare gigantar som Linford Christie springe fort i ein alder over 30, så Powells alder er eg ikkje bekymra for, seier Ertzgaard.

– Ein million i kø for å sjå dei i OL

Å hanke inn slike profilar, som også er i ein høgst ideell konkurransealder, kostar mykje. Arrangøren innrømmer at jamaicanarane vil ta store delar av stemnebudsjettet.

Men likevel forsvarar Bislett Games-arrangør Steinar Hoen stjernesigneringane.

– Til OL i London står ein million menneske på venteliste for å få billett til 100 meterfinalen for menn. Eg trur ikkje folk skjønnar kor stort det er å få desse to til Bislett, bare seks og ei halv veke før leikane i Storbritannia, seier Hoen.

VIDEO: Sjå Bolt regjere under Bislett Games i 2011. Saka held fram ...

Video Bolt på Bislett 2011

Bolt på Bislett 2011

– Perfekt tidspunkt for raske tider

John Ertzgaard

Eks-sprintar John Ertzgaard har sjølv vunne 100 meter under Bislett Games. I sommar får han sjå tidenes sprintarar duellere på same bane.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Og akkurat tidspunktet er perfekt med tanke på at publikum kan få sjå raske tider av Bolt og Powell, trur både Hoen Ertzgaard.

Utøvarane konkurrerer nemleg like framfor den mest hektiske oppkøyringstida før OL, eit meisterskap dei set høgare en alt anna.

– Det er ikkje for tett opp mot OL, noko som gjør at vi kan forvente gode tider. Seks veker før ein stor meisterskap har utøvarane ofte ein liten konkurranseperiode der dei prøver å toppe tidene litt, for så å gå i hardtrening, seier Hoen.

– Vi er veldig heldig med datoen i år. Sidan OL kjem ein månad etter Bislett Games, og ikkje to månader etter som VM i Deagu var i fjor, kan vi vente oss utøvarar i toppform, legg Hoen til.

Rodal: – Vil vere livredde for å tape

Steinar Hoen

Bislett-general Steinar Hoen.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Tidlegare OL-vinnar på 800 meter, Vebjørn Rodal, trur landsmennene og konkurrentane vil møte til start med frykt for det verste.

– Dei kjem til å vere livredde, og vil gjøre alt for å unngå tap. Bolt har mest å revansjere etter tjuvstarten under VM i fjor. Samstundes er Powell, som har gjort det dårleg i store meisterskap, god i enkeltstemner, seier ein spent Rodal.

For Bolt blir det nok aller viktigast å lykkast.

– I den perioden er eitt namn større enn alle andre – i alle idrettar. At Usain Bolt kjem til Oslo for å setje tittelen «verdas raskaste mann» på spel betyr at han vil vere hundre prosent skjerpa, seier Bislett-general Hoen.

– Det er ikkje bra å tape mot ein tidlegare verdsrekordhaldar når ein seinare skal forsvare fire OL-gull frå Beijing i 2008, legg Hoen til.

Eks-sprintar Ertzgaard er overbevist om at resultatet på Bislett vil vere den store peikepinnen på korleis det kjem til å gå i OL.

– Dette blir definitivt forsmaken på det som vil skje i London, avsluttar Ertzgaard.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal