Hopp til innhold

30 år sidan det historiske gullet: – Det var løpet då alt klaffa

Grete Waitz blei ikkje berre den første norske verdsmeisteren i friidrett, ho blei den aller første gullvinnaren i eit friidretts-VM nokonsinne. I dag er det 30 år sidan. Sjå glimt frå løpet her.

Verdens første VM i friidrett ble arrangert i Helsingfors i 1983 og den første verdensmesteren ble Grete Waitz i marathon.

Se Grete Waitz sitt historiske VM-gull

Søndag 7. august 1983. Det aller første verdsmeisterskapet i friidrett opna i Helsingfors, og den aller første øvinga var maraton for kvinner.

– Det var stort. Det var dette ho hadde førebudd seg på i eit år, og så fekk ho alt til å klaffe akkurat denne dagen. Det kunne ikkje bli betre, seier Jack Waitz. Gretes ektemann var rådgivar og trenar, og følgde løpet via sykkel langs løypa, saman med langdistanstrenare Johan Kaggestad.

Norsk profil i verdsklasse

Grete Waitz var den einaste store norske friidrettsprofilen på den tid. Men ho var til gjengjeld i verdsklasse. I over ti år hadde ho vore i verdseliten på langdistansar, og ho tok bronse i EM på 1500 m i 1974 og på 3000 m i 1978. Ho tok fem VM-gull i terrengløp og vart dronninga av New York Maraton der ho skulle slutte på ni sigrar. To sigrar i London Maraton vart det også.

Men i OL hadde ho mislykkast både i 1972 og 1976, og i 1980 boikotta Noreg leikane i Moskva. Og VM fanst altså ikkje før i 1983.

Parkerte feltet etter 34 kilometer

Grete Waitz gikk i mål på tiden 2:26:59 under New York Marathon i 1983.

Her spring Grete Waitz i mål til den historiske gullmedaljen ein søndagsettermiddag i 1983, etter eit løp der absolutt alt gjekk etter planen

Foto: Ap

I 1983 er Grete Waitz på toppen av sin karriere. Ho har teke sitt femte VM-gull i terrengløp same våren, og har førebudd seg ekstremt god til det aller første friidretts-VM i den finske hovudstaden. Og ho er favoritt.

Grete Waitz legg seg godt plassert i tetfeltet i den fuktige varmen i Helsingfors-gatene, og er også heilt i front i periodar av dei første kilometrane. Etter 15 kilometer passerer ho åtte sekund bak leiande Jacqueline Gareau, og fem kilometer seinare er ho 26 sekund bak Regina Joyce, som då leier – ein avstand som på det meste var drygt halvminuttet.

34 kilometer: Grete aukar farten. Umiddelbart sakkar feltet etter. Den norske milslukaren aukar avstanden heile tida. Alle andre blir statistar. I einsam majestet svingar ho inn på Olympiastadion, spring runden der inne og kryssar mållinja.

Den amerikanske sølvvinnarenMarianne Dickerson gjer ikkje det same før det har gått tre minutt. Så mykje har Grete Waitz knust dei andre på slutten.

– Truleg hennar beste maraton

– Alt fungerte perfekt slik det skulle. I ettertid meinte ho sjølv også at dette truleg var det aller beste maratonløpet ho nokonsinne gjorde, seier Jack Waitz.

– Farten var dårlegare enn eg hadde venta dei første tre milene. Men så lenge ingen stakk lenger av enn Regina Joyce, kjende eg at eg hadde full kontroll. Og den siste mila er nok det raskaste eg har gjort, sa Waitz til Aftenposten rett etter løpet.

Trass i alle tidlegare rekordar og triumfar – gullet i det første skikkelege friidretts-VM var det største for Grete Waitz.

– For første gong gjorde eg eit taktisk løp – og eg likte det, sa ho umiddelbart etter løpet.

– Frustrerande taktikk

Jack Waitz

- Det var ein fin sykkeltur, seier Jack Waitz. Han følgde kona på sykkel gjennom løypa så godt det let seg gjere

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

30 år etterpå ser Jack Waitz akkurat det på ein litt annan måte.

– Ettersom dette var eit så viktig løp, fekk ho strengare beskjed enn vanleg om å følgje det opplegget vi hadde lagt. Det kjende ho nok som svært frustrerande, for det gav ikkje rom for å sette opp farten då Regina Joyce drog frå. Det hadde ho nok veldig lyst til, seier han.

Men ei mil før mål skulle ho få lov å bruke kreftene sine. Då vart resten av tetfeltet parkert.

– Ho vann med tre minutt, og heile den avstanden fekk ho på den siste mila, minnest Jack Waitz.

– Det var ein fin sykkeltur

– Når forstod du at det ville bli gull?

– Eg skjønte det nok då ho stakk frå resten. Rettnok viser alle erfaring at alt kan skje i maraton, og at det stort sett er på dei siste kilometrane det skjer. Men dette verka så solid heile vegen at eg ikkje var i tvil om at ho skulle halde heilt inn, fortel Waitz, som altså sykla gjennom løypa medan løpet pågjekk.

– Du kan trygt seie at det vart ein fin sykkeltur, seier Jack Waitz.

Det skulle samtidig bli den einaste gullmedaljen ho fekk i eit meisterskap. Ho var favoritt også i OL i Los Angeles året etter, da fleire av konkurrentane var borte i og med Aust-Europas boikott. Men då vart det "berre" sølv.

– Blei det ekstra spesielt at det var det aller første friidretts-VM i historia?

– Ikkje så mykje der og då. Då var det gleda over sigeren som dominerte. Men i ettertid har det stått meir og meri som noko spesielt at ho vart den aller første verdsmeisteren i friidrett i historia, seier Jack Waitz.

PS: Teknisk hadde olympiske vinnarar i friidrett også formelt sett tittel som verdsmeistrar frå 1920 til 1980. Men Grete Waitz var første gullmedaljør i eit friidretts-VM nokonsinne, det kan ingen ta frå henne.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal