Maria Thorisdottir til fransk fotball
Maria Thorisdottir (32) går til fransk fotball og skal spele i toppdivisjonen for nyopprykte Marseille.
Det melder klubben sjølv på X.
Thorisdottir har vore utan klubb sidan førre sesong då ho ikkje fekk fornya kontrakt med Brighton i den engelske superligaen.
Thorisdottir spelte i England frå 2017 då ho fyrst kom til Chelsea. Det blei det mellom anna to seriemeisterskap.
Derifrå gjekk ferda vidare til Manchester United før Brighton blei siste stopp.
(NTB)