Fryktar Tokyo må slite med OL-tap
Kostnadene til Tokyo-OL har sprukke fleire gonger, og japanske skattebetalarar må truleg dekkje tapet.
OL vart halde utan tilskodarar på nesten alle arenaer, noko som betydde at mesteparten av dei planlagde billettinntektene på 820 millionar dollar fall bort, skriv avisa Japan Times.
Totalkostnaden for OL har vore estimert til omkring 150 milliardar kroner, men fleire økonomar meiner at kostnaden kan vere opp til 50 prosent høgare.
Av totalen skal organisasjonskomiteen og Tokyo by dekke omkring 80 prosent, medan sentrale styresmakter skulle stå for resten.
– Det er bestemt i kontrakten at vertsbyen finansierer underskotet, så i utgangspunktet blir det venta at innbyggjarane i Tokyo må betale tilbake dette i form av skatt i mange år, seier professor Naofumi Masumoto ved Musashino universitet, ifølgje Japan Times.
Styresmaktene i Tokyo er dei einaste blant dei 47 prefektura i landet som ikkje får økonomisk støtte frå staten.