Blei spansk fotballs assistdronning
Caroline Graham Hansen krona jubelsesongen i Barcelona med ein målgjevande pasning då Barcelona vann sesongens siste serierunde med kalassiffer.
I møte med Eibar stoppa ikkje Barcelona før det stod 9–1 på måltavla. Det var på 5–0 skåringa at Graham Hansen serverte Mariona Caldentey, etter berre 28 spelte minutt.
Den målgjevande pasninga gjorde at den norske landslagsspelaren enda på 19 målgjevande pasningar i den spanske toppserien. Nærast Graham Hansen var lagveninne Jennifer Hermoso med sine 14 målgjevande pasningar.
Sigeren gjer at Barcelona avsluttar sesongen som suveren seriemeister med 99 poeng. På sesongens 34 kampar var det berre Atlético Madrid som klarte å ta poeng frå dei.
Barcelonas målskilnad var på utrulege 167–15.