– Sambuaren min trur eg har blitt fullstendig gal. Det stemmer for så vidt, seier Jespersen.
Han har tatt 2.-plass i Tour de Ski samanlagt og vunne verdscupstafett i langrenn.
Chris Jespersen er kjent for styrke i langrennssporet, men no fortel han at seigpininga går føre seg på skytebanen og på golvet heime.
23.000 patroner med bly er fyrt av på eit halvår, fortel Jespersen. Det gir eit snitt rundt 1200 skot i veka og er like masse som eks-langrennsstjerne Stina Nilsson.
– Sidan mars i år har eg garantert brukt meir tid på skyting enn alle som er på stadion her. Og heime er all TV-tid bytta ut med tørrtrening. Eg står i staden og siktar på ein vegg, seier Jespersen.
Applauderer håpet: – Tenk kor mange som ler bak ryggen hans
I helga gjekk han NM-sprint på Voss og overraska mange bare ved å møte opp.
Men etter å ha debutert i konkurranse var han klar på at dette er ei oppriktig satsing med svært hårete mål.
– Kva satsar du mot?
– Det er OL, då. Eg får sjå korleis det går, men det er jo lov å drøyme, seier han.
OL i Beijing er 500 dagar unna. Han fortel at han kan ha gitt opp før den tid, men at han ikkje er redd for å snakke om kor han vil.
Det realistiske er å uansett stille til start i nasjonal opning på Sjusjøen i november, der arrangøren har tre friplassar til utøvarar som Jespersen.
Tarjei Bø vil ikkje drepe 36-åringens håp, men påpeiker at Jespersen har svært dårleg tid.
VM-vinnaren trur ikkje mange hadde turt å gjere som langrennsløparen.
– Det er i alle fall ikkje eit PR-stunt. Slik eg kjenner Chris Jespersen er han ein superdedikert utøvar. Eg likar at han ikkje bryr seg om kva folk måtte meine. Tenk kor mange som ler bak ryggen hans og seier at det ikkje går. Sannsynlegvis går det ikkje, men tenk om det går, seier Bø.
– Enten har du det eller så har du det ikkje. Sånn er det når du skal lære deg ting i godt vaksen alder, legg han til.
Lunde ser fleire problem
Jespersen starta på ein utfordrande arena på Voss, med lang stigning inn mot standplass. Det enda med tre bom i liggande, fem bom i ståande og til slutt ein 44.-plass på sprinten.
Med det enda han sist i konkurransen.
– Eg snakka litt med Denise Herrmann i går. Ho bomma seks gangar i sin første IBU-cup. Eg bomma åtte gangar i dag, seier han med eit lurt smil.
– Men å snakke om kor god eg kan bli følast litt fjernt i dag.
Herrmann (31) gjekk frå langrenn til skiskyting i vaksen alder, og tok VM-gull i Östersund i 2019.
NRKs skiskyttarekspert Ola Lunde trur ikkje Jespersen har tid nok til å slå seg inn i verdstoppen, som Herrmann.
– Skytebiten kan han løyse, men bakkane er både for korte og bratte til at han blir rask nok. I tillegg vil han slite med å skyte raskt nok, seier Lunde.
Bygger seg opp til neste vinter
Kommande vinter blir uanset bare ein oppbyggingssesong for mannen som også satsar langløp samtidig.
– Eg trener med tanke på at eg skal kunne gjere det bra neste år. Eg trur ikkje det går an å starte i mars og prestere i november same året. Det er så høgt nivå på den gjengen som konkurrerer, seier Jespersen.