Han reagerer på at jentene ikkje fekk meir jubel og støtte frå sidelinja når dei scora.
Debattér: Er manglende tenning årsaken til Norges dårlige VM-innsats?
- Eg er også sjokkert over at Marit Breivik så kategorisk avviste at Noreg hadde sjanse til semifinale, seier Havang. - Sjansen var liten, men realistisk.
Breivik sa før kampen at ho ikkje forstod at nokon skulle tru det var realistisk at Noreg skulle gå til semifinalen.
- Eg fattar ikkje at vi ikkje kan vere meir realistiske. Det er heilt urimeleg å tru at Russland og Ungarn skal tape så mange poeng at vi skal nå semifinalen, sa Breivik.
Noreg risikerer å gå mot sitt svakaste VM-sluttspel nokonsinne.
Mariann Rokne meiner jentene var innstilte på å vinne.
- Vi gikk ut for å vinne og for å ta vare på semifinalesjansen vi hadde. Det kan alle sjå på andreomgangen vår, seier ho til NRK.