Langrennsesset jobbar, saman med far og manager John Northug, iherdig med å få spikra eit privatlag til det som er verdas eldste turrenn i langrenn, etter det TV2 Sporten erfarer.
- LES OGSÅ: Mett Northug leter etter ny glød
Skiforbundet negative
Northug Jr. sa sjølv at han ønskjer å gå Vasaloppet under siste landslagssamling på Sognefjellet.
Til å gjennomføra det 90 kilometer lange svenske rennet, treng skikongen hjelp, og ifølgje TV2 er broren Thomas, kameraten Stig Rune Kveen og klubbkompis Håvard Hansen blant dei som skal vera med å dra lasset.
Sportssjefen i Skiforbundet, Vidar Løfhus, seier til kanalen at han håpar Northug vil halda seg til deira opplegg, og ikkje ty til private løysingar.
– Me har ein open dialog med Petter og faren på dette. Me ønskjer at dei skal bruka vårt støtteapparat, og vår kompetanse. Me håpar at dei vil vera med på det opplegget me kan tilby, seier Løfhus.
- LES OGSÅ: Bjørn Dæhlie gjør comeback