– Det var to bra løp, men ikkje topp, seier Pedersen etter dagens 500 og 5000 meter.
Han gjekk ein solid 500-meter der han blei nummer seks med 36,73, og enda på tredjeplass på 5000 med 6.20,17.
– Det er det beste Sverre har gjort denne sesongen, sa NRK-kommentator Even Wetten under direktesendinga.
Det gir tredjeplass i samandraget etter suverene Sven Ktramer og Jan Blokhuisen. Pedersen har 2,64 1500-meter-sekund å ta inn på Kramer søndag.
– Eg er godt nøgd fordi eg er på veg tilbake til der eg var i fjor, seier Norges største allroundhåp, som har slite tungt tidlegare denne sesongen.
Han er mest nøgd med 5000.
– Eg hadde ein god makker og visste at han kom til å gå jamnt. Men framleis har eg nokre tideler per runde å gå på, seier Pedersen.
– Men Blokhuisen og Kramer er gode løparar. Spesielt Kramer, han er nærmast umenneskeleg, seier Pedersen om nederlendaren som utklassa alle på 5000 og vann på 6.10,58
– Men Blokhuisens tid kan eg nok klare i løpet av sesongen.
Søndag blir EM avslutta med 1500 og 10.000 meter.
– 1500 passar meg bra, og på 10.000 hadde eig ein god oppleving i NM. Så det gler eg meg til. Kramer er nok umogeleg, men på ein god dag kan eg slå Blokhuisen. Målet er iallfall medalje, seier Sverre Lunde Pedersen.