Raphael Poirée var langt, langt nede etter ulykka
Foto: NRKDen fransk-norske tidlegare skiskyttaren gir NRK det første intervjuet sidan ulykka 28. desember. Han var ute i terrenget med ATV-en sin då han velta og fekk firhjulingen over seg. Sidan har han halde til på sjukehuset.
- Legen sa det rett ut til meg: Du var heldig. Ein millimeter til, og du hadde vorte lam, seier Poirée i intervjuet med NRK.
Video: - Eg tenkte på at dette kan gå gale. Men med tre barn kan du ikkje tenkje slik.
Når NRK møter han på sjukehuset, smiler han. Det er fordi han nettopp har lært å gå igjen. Det var ikkje sjølvsagt i dagane etter ulykka.
Klarer berre å løfte eitt kilo
- Når eg hugsar 15-20 dagar tilbake, var det eit helvete. Etterpå har alt vore ein bonus. Når eg vaknar kvar morgon, kjenner eg at eg er betre og betre kvar dag.
Å kome tilbake er eit slit. Han har mista 10 kilo, og klarer berre å løfte eitt kilo. Men det var den tidlegare skiskyttaren sin ekstremt gode fysikk som berga han då han fekk ein nesten 300 kg tung firhjuling over seg.
Han fortel om det som skjedde:
- Eg køyrer ned ein bakke, og hjulet blir blokkert på snøen. Vi går rundt, og ATV-en kjem direkte på ryggen min. Eg forstår at det er noko gale.
- Tok du ein sjanse då du køyrde ned bakken?
- Nei. Folk som er rundt meg seier at dei ville gjort akkurat det same.
Kunne ikkje opererast
Skadene var så alvorlege at han ikkje kunne opererast med det same. Han måtte ligge i strekk med 24 kilos trykk festa til hovudet. Nakken måtte strekkjast på plass før han kunne opererast.
Heile denne tida, i 10 dagar, sat kona Liv Grete ved sjukesenga, utan å sjå noko til borna. Raphael sjølv hugsar ingenting av dette.
Lenge etterpå, for berre nokre få dagar sidan, fekk han beskjeden om kor nær han hadde vore å få livet sitt øydelagt: Ein millimeter til, så hadde heile kroppen blitt lamma.
- Det gjorde meg verkeleg sjokkert, seier Poiree.
Tannbørsten var for tung
Den siste tida har framstega vore enorme.
- Ja, den første tida synest han tannbørsten var for tung. Det var tragisk, seier Liv Grete. - Men no ser vi sjølvsagt berre framover heile vegen.
For det er ikkje mange dagane sidan det var meir enn vanskeleg å tenkje framover. Raphael tenkte på at livet snart kunne vere slutt.
- Det var fire dagar som var veldig, veldig tunge. Eg takla ikkje å ta medisin, eg hadde lungebetnnelse, eg klarte nesten ikkje å puste, og kroppen var generelt veldig dårleg. Eg hadde høg puls, eg følte at kroppen og hjartet var trøytt.
Tenkte på barna - og kjempa
- Eg tenkte faktisk på å legge meg og stoppe alt nokre gonger. Eg tenkte mange gonger på at dette kunne gå gale.
Men med tre barn og Liv er det ikkje mogeleg å tenkje slik. Så eg måtte kjempe - og eg kjempa og kjempa, seier Raphael stille.
Ingen kan gje garantiar for framtida. Men med god hjelp av borna håpar han å kunne bli hundre prosent frisk.
Og på tysdag får han kome heim igjen til familien i Hålandsdalen.