- Diskuterte ikkje menneskerettsbrot
Tidlegare Fifa-president Sepp Blatter fortel at dei ikkje diskuterte det som skal vere Qatars menneskerettsbrot før landet fekk tildelt fotball-VM i 2022.
86-åringen annonserte sjølv Qatar som VM-arrangør i 2010. Han var president i Det internasjonal fotballforbundet (Fifa) frå 1998 til 2015. I månadene før den omstridde meisterskapen i Qatar har Blatter uttalt seg til fleire medium om at det ikkje var rett å gi golfstaten meisterskapen.
Qatar har fått kritikk for brot på menneskerettane. Den sterkaste kritikken har komme rundt behandlinga av migrantarbeidarar i landet.
I BBC-podkasten «Powerplay» seier Blatter at dei aldri «diskuterte det» før dei valde Qatar som årets VM-arrangør. Først i etterkant vart «sosiale og kulturelle forhold for potensielle vertsland» innført. Det var ingen slike vedtekter før Qatar-avgjerda.
Styresmaktene i ørkenstaten hevdar på si side at det er gjort reformer som har gitt betring for migrantarbeidarane, og landet har avvist dei mange påstandane om tusenvis av dødsfall under førebuingane til VM.
Blatter seier også at ein rapport beskreiv Qatar som «det minst eigna» landet til å arrangere verdsmeisterskap.
BBC har kontakta Fifa og VM-komiteen for kommentarar på Blatters utspel.