Hopp til innhold

Vil stogge rushtidsavgift

Høgre-topp, Renate Hægeland, ber ordførar og partikollega Per Sigurd Sørensen om å stogge avgifta.

Renate Hægeland

Renate Hægeland oppmodar partikollega og ordførar Per Sigurd Sørensen om å stogge avgifta som innber at det totalt vil koste 30 kroner å køyre inn til byen i morgonrushet.

Foto: Svein Sundsdal

Avgifta inneber at det totalt vil koste 30 kroner å køyre inn i byen i morgonrushet.

Politikarane nølar

- For det første syns eg at bilistane i Kristiansand har stor nok belasting med den nye bomringavgifta som snart kjem. For det andre ser eg ikkje at vi har så store problem i denne byen at vi blir nøydde til å innføre ei rushtidsavgift, seier Hægeland til NRK Sørlandet.

Dei politiske partia i Kristiansand og nabokommunane skal utover høsten ta stilling til innføring av rushavgift. Politikarane, inkludert ordføraren i Kristiansand, nølar med å ta standpunkt, men lokallagsleiaren er no klinkande klar i si anbefaling.

Går imot

- Der er veldig mange som bur eit stykke utanfor byen som må ha litt fleksibilitet i sin kvardag, som gjer at det er naturleg for dei å ta bilen. Eg trur slik situasjonen hos oss er veldig forskjellig om vi samanliknar oss med Stockholm eller London. Det er ikkje det presset her. Det burde vere mogleg å løyse dette på ein meir naturleg måte, enn å innføre ei slik avgift, seier ho.

Det blir garantert skarp debatt om denne saken utover hausten. Torsdag kveld held Arbeiderpartiet eit stort møte for å finne ut kva partiet skal gå for.

- Vi har fått rapporten på bordet, og etter det eg har lese vil mi anbefaling vere å ikkje gå inn for rushtidsavgift, avsluttar Hægeland.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %