Hopp til innhold

Vil redde omsorgsplassar

Etter det NRK.no erfarer vil politikarar i Arendal gå inn for å redde Nyskogen omsorgssenter, som rådmannen har føreslege å leggje ned.

Nyskogen bo- og omsorgssenter

NEDLEGGJINGSTRUGA: Fleire parti i Arendal går saman for å redde Nyskogen bu- og omsorgssenter.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Ei slik nedleggjing vil spare kommunen for 20 millionar kroner, men 35 bebuarar vil då miste plassane sine.

Har funne pengane

NRK.no har tysdag ettermiddag fått opplysningar om at Arbeiderpartiet, KrF, Venstre og Senterpartiet vil redde sjukeheimen og ein del andre omsorgsplassar.

Dei sit i møte no i kveld, og etter det NRK.no erfarer skal politikarane ha funne pengane som skal til, men ingen vil stå fram å seie dette offentleg.

Det har og vore snakk om å utsettje opprusting av Stuenes og Roligheden skular. Det kjem ikkje til å skje, planane skal følgjast som planlagt.

Treng tre stemmer

For å få dette gjennom må partia ha tre stemmer til.

– Då kjem dei til å gå på vandring og den startar i formannskapet i morgon, når dette forslaget til å løyse byen sine problem kjem fram. Ein skal ikkje heilt utelukke at dei klarar å finne støtte, seier politisk reporter i NRK, Svein Sundsdal.

– Alt talar for at dei klarar å finne ei løysing. Men sidan dei fire partia ikkje har fleirtal, må dei gi noko tilbake for å sikre eit fleirtal, seier han.

Spenning rundt eigedomsskatten

Eit anna spørsmål det knyt seg spenning til er om eigedomsskatten vert endra. I år tek kommunen inn drøyt 100 millionar kroner. Men dei styrande partia har signalisert at dette skal ned til 80 millionar kroner dei neste åra.

Kva som skjer med eigedomsskatten er førebels ikkje klart.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,53 kr
Dyrest kl. 20 1,25 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Apr 2023 – apr 2024
    + 6,8 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %