– Eg meiner at vanlege hushaldningar har eit gjennomsnittleg forbruk på 20 000 kwh. Dei bør få straum til ein anstendig pris, seier Nils Johannes NIlsen (Ap) til NRK.no.
- LES OGSÅ: – Urettferdig dyr strøm
- LES OGSÅ: 40-dobling av strømpris
– Dei som har behov for meir enn det, er luksus. Dei får betale meir. Vi må ha ein differensiert straumpris og det meiner eg regjeringa vår burde innføre, slik at folk innanfor normalt forbruk skal ha ein billeg pris. Vi kan ikkje berre la oss styre av marknadskreftene på det området, seier han.
Ei felles arv
Nilsen hevdar store delar av energien som vert produsert her til lands er felles arv som ikkje skal styrast av marknadskreftene.
– Dette er arva vår. Dette er noko vi alltid vil ha. Vi kan ikkje tappe bassenga som eg har inntrykk av at dei gjer no, for så å selje straum til utlandet, så skal vi betale mykje til vinteren. Vi kan få ein meir forutsigbar pris innanfor normalforbruk, så får dei betale for luksusen, seier Nilsen.
- LES OGSÅ: Tidenes høyeste strømpris
- LES OGSÅ: Dyrest i Midt- og Nord-Norge
Lokalpolitikaren frå Arbeideiderpartiet føresler å rekne ut straumprisen som har likheitstrekk med måten straumselskapa rekna ut prisane på for nokre tiår sidan.
– Vi treng ikkje innføre overforbruk, men det er klart at det var ein viktig økonomi før, men då vart det styrt samfunnsmessig. No styrer marknadskreftene og eg trur det vil ha stor betydning for hushaldningane. For i tillegg til at vi betalar straumen, betalar vi for nettleige. Vi betalar slik at straumprisane er alt for høge i Noreg, meiner han.
Får støtte
Han får støtte av fleire NRK.no møtte på gata.
– Dei som har symjebasseng og oppvarma gardsplass har god økonomi, dei kan betale, seier ei.
– Dette tenkjer eg er greit. Det stemmer for meg, seier ein annan.
- LES OGSÅ: Strømprisen i været
Gruppeleiaren for Arbeiderpartiet i Arendal bystyre har føreslått høgre prisar på straum til luksus tidlegare, utan å få gjennomslag. Men han gir seg ikkje.
Vil kjempe
– Dette har eg fremja som eit forslag til landsstyret i Arbeiderpartiet i fjor. Eg fekk ikkje gjennomslag då, men eg meiner dette er ein kamp vi må halde fram, seier han.
- LES OGSÅ: Rekordhøy strømpris
– Difor har eg føreslege at dette bør inn i fylkesprogrammet. Eg håpar vi kan ta det vidare derifrå, slik at det kan komme inn i Arbeiderpartiet sitt program, seier Nilsen.