Spørsmålet om oljeboring i Skagerrak skal truleg avgjerast før valet i 2013. Det skjer i behandlinga av forvaltningsplanen for Nordsjøen og Skagerrak.
– Områda er sårbare på same måte som Lofoten og må derfor
skånast for oljeboring. Det er kystnær og verdifull natur som står på spel, seier stortingsrepresentant Alf Holmelid i SV.
Vil skape splid
Saka vil skape splid i regjeringa, slik tilfellet var med Lofoten og Vesterålen.
– Oljeinvesteringane i Noreg er for høge allereie og vi ser at det går ut over anna verdiskaping. Noreg har store moglegheiter til å utvikle eit framtidsretta næringsliv basert på fornybare ressursar og miljøteknologi, seier han.
– Då er det fornuftig å satse på det, og samtidig skåne sørlandskysten for oljesøl, seier Holmelid, som representerer Vest-Agder på Stortinget.
Plan innan valet
– Eg trur ikkje det er nokon som vil seie at oljeaktivitet er 100 prosent sikkert, og skulle det skje ei ulykke, er det kort veg til land. Her er det oljetilhengjarane som sit med bevisbyrda, seier Holmelid.
Regjeringa har varsla at forvaltningsplanen kjem til Stortinget innan valet i 2013.