Hopp til innhold

Vil hente nye spelarar i sommar

Administrerande direktør i Start, Even Øgrey Brandsdal, lovar supporterane at klubben skal hente inn nye spelarar i sommar.

Even Øgrey Brandsdal

Even Øgrey Brandsdal kan kjøpe spelarar i staden for å selje spelarar i sommar, etter at det vart klart at nye investorar skal inn i klubben.

– Det ligg vel litt i korta at vi hentar inn spelarar. Så får vi sjå om det blir ein eller to, eller kva det blir, seier Brandsdal til NRK.

Torsdag kveld sa medlemmane i IK Start ja til fem investorar.

Christopher Langeland

Christopher Langeland frå Kristiansand er ein av dei fem investorane som går inn i Start med pengar.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Dei skal inn med inntil 40 millionar kroner over ein tiårsperiode. Ti av millionane vert spytta inn umiddelbart.

– Vi må jobbe med dei riktige vala for å sikre at vi rykker opp. Det betyr at vi hentar inn ein spelar eller to i sommarvindauget og styrkar oss, seier Brandsdal.

Kunne ha gått konkurs

Leigesoldatane Nigel Reo-Coker og Dany N'Guessan har allereie forlate Start etter få månader i klubben.

– Det er behov for å fylle opp stallen litt, seier direktøren.

Under det ekstraordinære årsmøtet torsdag kom det fram at økonomien i Start er langt meir anstrengt enn tidlegare kjent.

– Dersom vi ikkje går for dette er konsekvensen dramatisk. Vi kan gå konkurs og over ende. Det må eg vere veldig tydeleg på, sa styreleiar Geir Tønnesland.

– Kan skape tryggleik

Brandsdal vedgår at klubben hadde gått ein utfordrande sommar og haust i møte, dersom medlemmane hadde sagt nei til investorane.

– Hadde ikkje klubben henta inn kapital, hadde ting sett annleis ut. Då måtte vi ha jobba med sal av spelarar og andre tiltak som genererer inntekter, seier han.

– Det er ikkje vårt ynskje, og heller ikkje supporterane sitt ynskje. No kan vi skape tryggleik knytt til det sportslege, seier Brandsdal.

Torsdag kveld sa det ekstraordinære årsmøtet einstemmig ja til at investorgruppa dannar selskapet «Start En Drøm AS», som skal styre toppfotballen i klubben.

Her seier medlemmane i IK Start ja til dei fem investorane.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,84 kr
Dyrest kl. 08 1,2 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %