Hopp til innhold

Vil framleis ha dusj og toalett for tiggarane

Kristiansand kommune vil halde oppe tilbodet med sanitærbrakke for tiggarane i Kristiansand også eitt år framover.

Tiggerbrakke i Kristiansand

Kristiansand kommune vil halde fram med sanitæranlegg for tiggarane i byen. Saka skal no opp til behandling i formannskapet.

Foto: NRK Sorlandet / NRK

Vegard Vige

Kommunelege Vegard Vige meiner tiggarbrakka har fungert. – Vi har nådd gruppa vi ville nå, seier han.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

Tiggerbrakke

Brakka inneheld både dusj og toalett.

Foto: NRK Sorlandet / NRK
– Dette har vore eit tilbod som har nådd målgruppene og har ført til at dei har fått ein betre tilvære. Vi har nådd det som var meininga, seier kommunelege i Kristiansand, Vegard Vige til NRK.

I fjor løyvde Kristiansand kommune 300 000 kroner for å setje opp sanitæranlegget som inneheld toalett og dusj.

Kommunen har no vore gjennom ei evaluering av samarbeidet med fem frivillige organisasjonar som har hatt ansvaret for drifta.

Må ha hjelp

Ei av føresetnadene for vidareføring av brakka er at organisasjonane vert med vidare.

– Det er fordi kommunen ikkje skal måtte tilsette menneske til å drive brakka, seier kommunelegen.

Sokneprest i Domkirka i Kristiansand, Aud Sunde Smemo, har leia drifta av brakka. Ho er klar på at dei frivillige organisasjonane vil halde fram arbeidet.

– Vi er veldig glade for at kommunen vil halde fram eitt år til. Vi ser kor viktig det er både for dei som brukar den. Vi ser også at det er viktig for byen å ha ein stad der dei som tiggar kan ta ein dusj og gå på do. Dette handlar om verdighet, seier Smemo.

La fram tiltakspakke

For kort tid sidan la justisminister Grete Faremo fram ei tiltakspakke på 10 millionar kroner til akuttiltak for bustadlause.

Det er også ein føresetnad at kommunen får støtte frå staten for at brakka skal vidareførast.

– Slik vi har forstått det vil dei midlane vere noko vi kan søke på for å dekkje kostnadene ved drifta av brakka, seier Vige.

– I saksframlegget slik det er no er dette ein føresetnad. Dersom det skulle vise seg at dette ikkje er mogleg, får vi heller komme tilbake til saka, seier kommunelegen.

Justisdepartementet stadfestar overfor NRK at både kommunar og organisasjonar kan søke om midlar.

I evalueringa til kommunen vert det mellom anna peika på at brakka har blitt utsett for fire tilfelle av hærverk.

Vurderer overvaking av brakka

Brakka har blitt utsett for tagging, brann og ruteknusing. Seinast i april kasta nokon ein diger asfaltklump inn gjennom vindauga på brakka.

Dette gjer at kommunen no vurderer overvaking av sanitæranlegget.

– Når eitt av tilfella er eldpåsettjing seier det seg sjølv at det er ganske alvorlege ting vi snakkar om. Då kan alvoret i den kriminelle handlingane gjere at det kan vere grunn til å vurdere overvaking. Med omsyn til sikkerheita til dei som brukar den, seier Vige.

– Det er ein del utfordringar knytt til økonomisk art og av lovmessig art. Det er vanskeleg å sjå på at det blir utført eldpåsettjing utan at vi gjer noko for å betre sikkerheita, seier han.

Saka skal no opp til behandling i formannskapet i kommunen.

Knuste ruter på tiggerbrakka i Kristiansand

VIDEO: I april vart brakka utsett for hærverk.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %