Hopp til innhold

Vil slå saman Agder-politiet med fleire politidistrikt

Politidirektør Odd Reidar Humlegård vil slå saman Agder-politiet med Buskerud, Telemark og Vestfold. Leiar i politiets fellesforbund på Agder, Ernst Olav Lunde er kritiske.

Pressekonferanse

Politidirektør Odd Reidar Humlegård på pressekonferansen måndag føremiddag.

Foto: NRK

Politidirektøren pressekonferanse måndag føremiddag, då han la fram politidirektoratet sitt svar til politianalysa.

Totalt kan det bli seks politidistrikt i landet.

Vil redusere talet på tenestestader

– Eg anbefaler at vi jobbar vidare med ein modell med seks politidistrikt, sa Humlegård på pressekonferansen.

På pressekonferansen kom det fram at politidirektøren vil redusere talet på tenestestader frå 354 til 210.

Ernst Olav Lunde

Ernst Olav Lunde.

Foto: Leif Hallgeir Dalen / NRK

– Vi vil ha eit politi som er meir tilgjengeleg når hendingane skjer, sa han.

– Ved å lage meir robuste politidistrikt, kan ein få betre politikompetanse på bakken der folk bur. Får vi seks politimeistrar, er det også mogleg for dei å sitje i ei nasjonal leiargruppe, sa politidirektøren.

Politiets fellesforbund er kritisk

Men leiaren i politiets fellesforbund på Agder, Ernst Olav Lunde, er kritisk til å slå saman politidistrikt til større einingar.

– Det bør utgreiast meir. Vårt mantra er lokalt nærpoliti og i tillegg ein god kvardagsberedskap, seier Lunde til NRK.

– Det blir store geografiske område å flytte seg på. Vi trur ikkje at alt vil føregå digitalt og elektronisk. Menneske må forflytte seg relativt mykje innan eit distrikt og då er avstandane ganske store, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %