Hopp til innhold

– Mangel på båtregister kan koste liv og helse

Forsikringsbransjen krev at styresmaktene innfører eit nasjonalt småbåtregister. Emma Elisabeth Vennesland i forsikringsselskapet If meiner mangel på eit slik register kan koste liv og helse.

Mangelen på ett felles nasjonalt småbåtregister kan koste liv og helse. Det mener forsikringsbransjen som krever at myndighetene nå rydder opp i registrering av småbåter.

– Slik det er i dag kan det vere kritiske situasjonar der det står om liv og død, seier Vennesland som er assisterande informasjonsdirektør i selskapet.

– Å skulle bruke tid på å få klarlagt om eigaren av båten har falle på sjøen, eller om båten har slite seg ved eit uhell. Å skulle ta to, tre, fire eller fem telefonar seier seg sjølv at tidsbruken kan vere veldig kritisk, seier Vennesland til NRK.

300 meldingar om drivande båtar

I fjor sommar fekk politiet i Agder inn dryge 300 meldingar om båtar drivande og forlate i sjøen.

I nokre få tilfelle kan det vere snakk om ulykker, der det bør setjast i gang leiteaksjonar.

Forsikringsbransjen meiner det er for omfattande og tilfeldig om ein klarer å identifisere båteigaren.

Det finst tre register gjennom Securmark, skipsregisteret og småbåtregisteret hos redningsselskapet. I dag er det heilt frivillig om ein vil registrere seg her.

– Alle har eit problem

– Det viktigaste for båtfolket er å få ein rask identifikasjon ved ulykker. Det vil eit slikt nasjonalt register medverke til, seier Vennesland.

I førre veke var Vennesland med på tok hos redningsskøyta i Arendal. Der fekk ho sjølv sjå problem med å finne eigaren til ein søkkande skjergardsjeep i Risør.

– Den var full av vatn og det var vanskeleg å spore eigaren. Det var eit ufullstendig registreringsnummer og ingenting som sa noko om kven eigaren var. Då har alle eit problem, seier ho.

Også politiet har tidlegare kravd eit offentleg båtregister.

– Dei registra vi har i dag burde ha vore vekke. Vi burde hatt noko anna. Vi burde hatt eit register som var pliktig. Alt under 52 fot treng ikkje å ha noko registrering på seg i dag, og for oss er det eit stort problem, sa operasjonsleiar i Agder-politiet Børge Steinsland tidlegare i år.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %