Hopp til innhold

Vil forby å ta betaling for bønn

Stortingsrepresentant Freddy de Ruiter (Ap) meiner det bør bli forbode å ta betalt for å be for sjuke.

Helbredelsespredikant Svein-Magne Pedersen

Predikant Svein Magne Pedersen får kritikk for å ta betalt for bønn. Sjølv vil han ikkje kommentere saka. (Arkivfoto)

Foto: NRK

Freddy de Ruiter

Stortingsrepresentant Freddy de Ruiter.

Foto: Svein Sundsdal
Preben Aavitsland, avd.dir i Folkehelseinstituttet

Lege Preben Aavitsland.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

No varslar stortingspolitikaren at han vil ta saka opp i spørjetimen på Stortinget i april.

– Etter mi meining er dette sidestilt med svindel, seier de Ruiter til NRK.

– Eg tykkjer det mindre alvorleg å sende ein falsk faktura til ei bedrift enn å seie til ein kraftpasient at dersom du ringer pastoren tilstrekkeleg mange gonger, så blir du frisk, seier han.

Fryktar sjuke droppar legebesøk

Politikaren vil ta opp saka etter at lege Preben Aavitsland i førre veke skreiv ein kritisk artikkel i Dagbladet om predikant Svein Magne Pedersen frå Vennesla.

– Eg er redd for at folk som har alvorlege sjukdommar vel å følgje Pedersen sine løfte om helbreding i staden for å oppsøke lege og sjukehus, seier Aavitsland.

Legen argumenterer mellom anna med at han ikkje har sett dokumenterte tilfelle av at det faktisk fungerer.

– Eg trur ikkje det fins ein Gud som har valt å bruke ein predikant i Vennesla til å helbrede menneske, seier han.

Vil ikkje kommentere

NRK har vore i kontakt med Misjonen Jesus Leger der Pedersen er dagleg leiar og tilbyr bønn mot betaling.

Dei ynskjer ikkje å kommentere saka og understrekar at dei «fleire gonger har vore gjennom den same runden».

På nettstaden tilbyr dei mellom anna forbøn til 14 kroner minuttet. Det ligg også fleire artiklar på nettsida med menneske som hevdar at dei vart friske etter forbøn.

– Eg tykkjer sjølvsagt at ein må få be for sjuke. Men å drive på denne måten han gjer, å ta 14 kroner minuttet og måten det er marknadsført på, då er vi på ville vegar. Vi skal stole på legevitskapen, meiner de Ruiter.

– Eg vil sjølvsagt ha full ytringsfrodom i dette landet, men å lure menneske i sårbare situasjonar som kan få dramatiske følgje, å seie at ein kanskje skal droppe legen og heller ringe ein helbredar, då meiner eg vi er på så ville vegar at det er grunn til å rope varsku, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %