Hopp til innhold

Valle var varmast

I går blei den varmaste temperaturen i landet målt i Valle. Der viste gradestokken 22,4 grader. Men no kjem både skyene – og regnet.

Valle kommune

Valle var varmast i landet i går.

Foto: Sundsdal, Svein / Svein Sundsdal/NRK

– I går var det 22,4 grader i Valle og 21,7 grader i Byglandsfjord som var nummer ein og to i landet, seier statsmeteorolog Jon Smits.

På 24 timar har temperaturen svinga frå 22,4 grader til 2,4 grader i Valle det siste døgnet.

På Hovden i Bykle var det betrakteleg kaldare i natt. Da viste gradestokken 3,7 minusgrader.

Tysdag kjem det skyer inn over heile landsdelen, og resten av veka kan vi vente oss regnbyer, opplyser meteorologen.

– Om du er vest i Agder har det komme ein del skyer, men lenger austover er det heilt skyfritt, seier Smits.

Les også Rekordstor maisavling i Grimstad: – En «himla» fin sommer

Mari og Byrge Kalvehagen med mais i hendene

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste