Hopp til innhold

Vera (76) sette ny verdsrekord på maraton igjen: – Det er berre lykke

Ho har sjokkert løpeekspertar gang på gang. I helga klarte ho det igjen. Vera Nystad sette ny verdsrekord under Berlin Maraton.

Vera Nystad

Vera Nystad (t.v.) saman med løpekollega Tone Raaen etter målgang under Berlin Maraton. Igjen sette Nystad ny verdsrekord.

Foto: Tone Raaen

– Eg kjenner berre på lykke. Ansiktet mitt er eit stort smil, seier Vera Nystad til NRK.

Ho er på bussen på veg heim til Noreg. Bussturen blir ingen sak når ho har med seg verdsrekord heim i bagasjen.

3.38,58 er den nye verdskorden for kvinner 75-79 år. Ho betra dermed sin eigen rekord med eitt minutt.

– Eg følte meg veldig bra. Det er ei lett løype i Berlin. Første bak eg sprang der følte eg at det var 30 kilometer i svak nedoverbakke. Dei siste 12 er flate. Så eg tenkte at eg kanskje kunne klare det, seier ho.

Les også 75-åringens maratontider sjokkerer ekspertene

Vera (75) har verdensrekord i maraton

Trur ikkje ho kan springe fortare

Men å springe maraton er tungt uansett. Og det vart ein kamp mot seg sjølv igjen. Men ei indre stemme gav motivasjon og hjelp.

– Ein mann sa til meg før løpet, «gå i kjellaren, du har alltid meir krefter». Det sa eg til meg sjølv heile tida. «Gå i kjellaren, gå i kjellaren, gå i kjellaren. Det er meir krefter». Og det var det, fortel ho.

Sørlendingen skal delta i fleire konkurransar denne sesongen. Men ho trur sjølv ho har oppnådd sitt beste resultat.

– Eg trur eigentleg ikkje eg kan komme lenger ned. Man må ha dagen og alt må vere perfekt, seier Nystad.

Vera Nystads maraton-tider får ekspertene til å måpe. – Helt ubegripelig. Et forbilde for alt og alle, sier NRKs Jann Post.

Vera Nystads maraton-tider får ekspertane til å måpe. – Helt ubegripeleg. Et forbilde for alt og alle, seier NRKs Jann Post.

Nattløp på «granca»

Om 14 dagar skal ho springe maraton i Chigaco i USA. Seinare skal ho springe 10 kilometer på Gran Canaria.

Ho understrekar at det blir lite rom for å vere charterturist.

– Det blir lite tid til kos, mat og drikke. Her blir det rein springing, seier Nystad om 10 kilometeren som skal føregå om natta.

Den gamle rekorden hennar vart sett under Jølster Maraton i fjor sommar. Den var på 3.39.51.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Julian Ryerson Mbappé

Superstjernen slaktes etter Ryerson-duell: – Kriseprestasjon

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 07 2,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %