Hopp til innhold

Ustabilt sommarvêr gir handelsauke

Dei to største kjøpesentera i Kristiansand og Arendal opplevde god auke i handelen i juli.

Kjøpesenter

Grå dagar betyr klingande mynt i kassa til kjøpesentera i landsdelen.

Foto: Johannessen, Sara, Sara Johannessen / SCANPIX

– Vi har hatt ei auke på fire prosent i juli og vi har hatt ein kundevekst på 4,5 prosent. Eg trur det skuldast det stabilt dårlege vêret, seier senterleiar på Amfi Arena i Arendal, Marianne Sørbøe til NRK.no.

– Turistby

– I tillegg er Arendal ein travel by. Vi har aktivitetar som skjer heile tida. Vi har nok av langope, Canal Street, sommarmarknad, det skjer noko heile tida. Arendal er ein turistby, seier ho.

Sørlandssenteret i Kristiansand opplevde ei auke i omsetning på heile 20 prosent. Hovudårsaka til det er at senteret har fått langt fleire butikkar.

Ved ein av landsdelens største butikkar, Coop på Stoa i Arendal, har juli slått alle rekordar.

– Heilt fantastisk

– Den har vore veldig bra. Når det er litt grått ute, ser vi at kundane kjem. Det er vi godt nøgde med, seier dagleg leiar Tomas Karlsen.

Det er særleg måndagane som peikar seg ut med mest handel denne sommaren.

– Måndagane har vore særs gode når helga kanskje har vore litt trist. Måndagen før Hovefestivalen slo vi alle rekordar. Det var heilt fantastisk, seier Marianne Sørbøe.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %