Hopp til innhold

Unngår truleg straumrasjonering

Berre i hovudmagasinet Nåvann i Åseral har vatnet stige med fem meter dei siste dagane. Fleire kommunar planla straumutkopling i april på grunn av tomme magasin.

Vannmagasin

FYLLER OPP: Snøsmeltinga er i full gang på Sørvestlandet. Dermed ser det ut til at ein unngår straumrasjonering.

Foto: Erling Johnsen / NRK

– Vi er trygge på at vatnet stig igjen, seier ein letta konsernsjef, Tom Nysted i Agder Energi til NRK.no.

La planar

I Rogaland la fleire kommunar planar for periodevis straumutkopling i april på grunn av særs lite vatn i magasina. Planane innebar at straumen ville bli kopla ut sonevis i periodar på nokre timar.

– Slik det ser ut no er vi nok over den mest spente perioden, seier Nysted.

For berre litt over ei veke sidan rekna ein med at det var 20 prosent sjanse for at ein måtte setje i verk straumrasjonering.

Har importert

– Det største problemet no er at vi har lite å gå på, og difor er veldig sårbare dersom feil skulle inntreffe i kraftforsyninga, seier kommunikasjonsdirektør Tor Inge Akselsen i Statnett.

Agder Energi har importert store mengder straum den siste tida.

– Det som er kritisk no er dersom ein kabel til utlandet skulle havarere. Då ville det bli kritisk igjen. Vi er heilt avhengige av kablar for å kunne handtere denne situasjonen, seier Tom Nysted.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,63 kr
Dyrest kl. 20 1,37 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Apr 2023 – apr 2024
    + 6,8 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %