NRK Meny
Normal

Uklart kven Vipers møter i cupen

Vipers Kristiansand må vente for å få vite kven dei skal spele mot i kvartfinalen i NM-cupen, sjølv om trekninga vart gjort torsdag føremiddag.

Vipers-trener Peder Langfeldt håper seieren mot Levanger blir et vendepunkt for laget.

KVARTFINALE: Det er framleis uklart kven Peder Langfeldt (bilete) og Vipers-jentene møter i kvartfinalen i NM-cupen.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Rosatrøyene slo Levanger med eitt mål i åttendelsfinalen i går.

I dagens trekning slapp kristiansandslaget unna både Larvik og Byåsen.

LES OGSÅ: Vipers klar for kvartfinalen i NM

For Vipers møter anten Bjørnar, Tertnes eller Selbu i kvartfinalen.

Vart diska

Tertnes vart nemleg diskvalifisert i 2. runde etter å ha brukt ein spelar som ikkje hadde lov til å spele. Bergensarane har varsla at dei vil anke avgjerda.

Når handballforbundet har behandla saka vert det anten kamp mellom Tertnes og Bjørnar om spel i åttendelsfinalen. Vinnaren møter då Selbu og vinnaren der igjen møter Vipers i kvartfinalen.

LES OGSÅ: Larvik og Byåsen i kvartfinalen (ekstern lenke)

Dersom handballforbundet vel å avgjerda stå, vil Bjørnar få tildelt sigeren utan å spele kampen og gå til åttendelsfinalen, der dei møter Selbu.

Vinnaren av denne kampen vil då møte Vipers i kvartfinalen. Ankefristen går ut 4. oktober.

Alle kvartfinalane skal spelast innan 24. oktober.

Slik ser kvartfinalane ut

Larvik - Byåsen
Storhamar - Nordstrand
Gjøvik - Njård
Bjørnar/Tertnes/Selbu - Vipers Kristiansand