Hopp til innhold

Truleg drepne i fangstkonkurranse

Marius Heggelund og kameraten Jon Erik Tveitdal fann 5-6 daude raudrevar i ein søppelcontainer. No viser det seg at revane truleg vart drepne i ein konkurranse.

Døde revar i Lillesand

DAUDE: To renovasjonsarbeidarar fann fleire daude revar i ein container. Revane vart truleg drepne i ein konkurranse.

Foto: Marius Heggelund

– Vi opna ikkje alle sekkane, men vi såg iallefall 5-6 revar. Det kan like gjerne ha vore 10 døde revar der, seier Marius Heggelund til NRK.no.

Ifølgje Agderposten var nokre av revane skotne med hagle, medan andre hadde restar etter tau og wire rundt føtene. Funnet vart gjort i ein søppeldunk på Fjelldal i Lillesand.

Konkurranse

Heggelund jobbar til dagleg som renovasjonsarbeider. Det var i samband med tømming av containeren det groteske synet møtte han.

– Nokre av sekkane var frosne fast. Difor måtte vi rive dei lause. Det var då dei dukka opp, seier han.

No viser det seg at dei døde revane truleg er offer for ein fangstkonkurranse. Konkurransen gjekk ut på å fange den tyngste reven. Ifølgje avisa må jegeren som skyt, eller fangar rev ta med fangsten for å registrere den. Deretter er det jegeren sjølv som må ta kadaveret med seg.

– Konkurransen var det første eg tenkte på når eg høyrde om revane. Det er i så fall lite gjennomtenkt og noko vi tek avstand frå, seier Runar Glamsland, som er leiar av Lillesand og Birkenes jeger- og fiskeforeining til Agderposten.

Fotfeller

Revane vart truleg fanga i snarer eller fotfeller før dei vart skotne.

– Det er truleg ingen oppgåande menneske som brukar fotsaks i dag. Revane er nok skotne, så er taurestane og merka på føtene etter at labbane vart bunde saman i samband med veging, seier viltforvaltar i Lillesand, Ole Martin Aanonsen.

– Å finne søppelsekkar med døde, og skotne revar i ein container er ikkje spesielt hyggeleg. Ein rev som vart skoten med ei grovkalibra rifle, vil ofte kunne få hard medfart, og er nok ikkje eit syn ein ynskjer å sjå velte ut av ein søppelsekk, seier han.

Tek avstand

Viltforvaltarren tek sterk avstand frå dumpinga av dyra.

– Det er truleg ikkje brukt nokon ulovlege jaktmetodar her, men det er ikkje riktig måte å dumpe revane på, seier Aanonsen.

– Vi i jeger- og fiskeforeininga kan ikkje gjere anna enn å seie at jegerane må følgje lovverket, og ta sterk avstand frå denne dumpinga. Det er ikkje bra for oss jegarar at noko slikt kjem opp, men kanskje det kan setje ein støkk i dei som har gjort det, seier Rune Glamsland.

Ifølgje Marius Heggeland, som fann dei daude revane, er dyra no teke hand om på riktig måte.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 07 2,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %