– Dei har forklart i avhøyr at dei hadde eit bål inne i kinoen for å varme seg. Så har dei sløkt det og forlete staden. Så har det mest truleg blussa opp igjen, seier politibetjent Kim Asbjørn Haugen til NRK.no.
Tidleg på morgonen 4. januar var det full brannutrykning til den gamle kinoen på Evje.
Erkjenner straffeskuld
Ein av dei lokale brannmennene oppdaga brannen tilfeldig då han var på veg til jobb. Kring 20 brannfolk var på plass og fekk raskt kontroll over brannen.
Men brannvesenet påpeika at det kun var flaks som gjorde at det ikkje utvikla seg til ein storbrann i den gamle trebygningen.
Dei tre gutane vart avslørt gjennom politiet si taktiske etterforsking. To av dei sikta har erkjent straffeskuld.
– Dei erkjenner uaktsomheit i forhold til eld. Den tredje nektar for å ha noko med brannen å gjere, seier Haugen.
Dei tre gutane er avhøyrt av politiet og vert no følgde opp av barnevernet. Politiet har no avslutta etterforskinga etter brannen.
Sender saka vidare
– Vi ser på saka som oppklara og vil sende saka til juristane i Kristiansand. Så får dei vurdere vidare kva straff dei skal få, eller kva tiltak som skal setjast i verk i forhold til gutane, seier politibetjenten.
Haugen kjenner ikkje til om gutane har vore involvert i straffbare handlingar tidlegare.
– I alle fall ikkje på Evje. Ein frykta at det skulle bli ein storbrann. Vi skal vere glade for at det ikkje skjedde. Så er vi glade for at vi har funne ut kva som skjedde, seier Haugen.