Hopp til innhold

Tollerne demonterte bilen – gjorde rekordbeslag

Tolletaten i Kristiansand har gjort sitt største narkotikabeslag nokon gang. Tre personar er sikta.

Narkotikabeslag i Kristiansand

Til saman fire personar har vore i politiets søkelys etter beslaget. Tre er framleis sikta.

Foto: Tolletaten

– Det var ein heilt ordinær tollkontroll. Vi gjorde hundesøk og hunden markerte fleire stader etter kort tid. Det dukka opp mykje rart over alt i bilen, seier Helge Breilid som er seksjonssjef i grensedivisjonen Oslofjord/Kristiansand Tollsted.

Det vart tidleg klart at hunden var på sporet av eit stort beslag.

– Nesten kvar stad vi skrudde og demonterte fann vi ulike former for narkotika. Det må vere det største beslaget av denne typen i Sør-Noreg, seier han.

Dette vart funne

Det var i mars i år at Tolletaten gjorde beslaget. Bilen kom i land med MS Stavangerfjord.

Ein mann av utanlandsk opphav busett i Norge, og ei kvinne som ikkje er busett i Noreg var i bilen.

Narkotikabeslag i Kristiansand
Foto: Tolletaten
Narkotikabeslag i Kristiansand
Foto: Tolletaten
Narkotikabeslag i Kristiansand
Foto: Tolletaten
Narkotikabeslag i Kristiansand
Foto: Tolletaten
Narkotikabeslag Kristiansand
Foto: Tolletaten
Narkotikabeslag i Kristiansand
Foto: Tolletaten

Dette vart funne i bilen:

  • 170.890 narkotiske tablettar
  • 2,6 kilo ketamin
  • 1 kilo hasj
  • 4 gram amfetamin

Her vart stoffet funne:

  • Under baksetet
  • I begge bakdørene
  • I støtfangaren
  • I venstre og høgre hjul-boge
  • Under botnplata på bilen

Tre personar sikta

Tolletaten hadde ingen indikasjonar om at det kunne vere narkotika i bilen på førehand.

– Tollarane gjekk først laus på baksetet i bilen og gjorde det første funnet. Då fraus vi situasjonen og tilkalla krimteknikarar frå politiet. Deretter demonterte vi bilen bit for bit. Det tok fleire timar, seier Breilid.

Ein mann og ei kvinne vart tatt på hamna i Kristiansand. Under etterforskinga vart to nye personar gripne og sikta.

– For ein av dei sikta er saka lagt bort, opplyser politiadvokat Sondre Kristian Halvorsen.

Dei tre andre har vore fengsla men er nå sett fri.

Politiet seier til NRK at saka i all hovudsak er ferdig etterforska.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %