– Sommarferien er heilag for nordmenn og vi prioriterer han sjølv om mange har dårlegare økonomi, seier kommersiell direktør i Finn Terje Berge.
Den årlege rapporten Reisepuls viser at mange søkjar tilbake til dei tradisjonelle feriedestinasjonane Spania, Hellas og Kroatia i sommar.
Men blant dei som har planlagt ferien, seier halvparten at dei blir i Noreg.
Her får du tipsa som passar for deg som synest euroen vart for dyr i år, og heller vil nyte ein ferie på norsk jord.
Korleis blir sommarferien din? Fortel oss i kommentarfeltet nedst i saka.
Ut på telttur
Har du eit ønske om å ta familien med på teltferie, men aldri tort?
For familien Volstad Halvorsrød er det å overnatte ute i naturen sjølve livet, og dei sit på mykje erfaring med å overleve familieturar i det fri.
Turane er også meir hyggjeleg med sparegrisen, stadfestar Nina Voldstad.
Ho og mannen Oliver Halvorsrød er forfattarar av boka Utenetter, og under namnet Friluftsflokken deler dei familiebileta frå turane sine på Instagram.
Volstad har nokre konkrete tips for dei som ønskjer å pakke sekken og ta teltet fatt.
I denne vesle campingvogna budde Oliver Halvorsrød og Nina Volstad med barna Leonora (5) og Vilder (8) i på sommarferie på Sørlandet.
Foto: PrivatFørst og fremst – ikkje mist motet om alt ikkje er perfekt første gongen.
– Du skal ikkje perfeksjonere flugefisketeknikk, lese mange bøker og ha romantisk sex i skogen på første tur. Det viktigaste er å sørgje for at alle har ei god oppleving. Klarer du det er det nok, seier Nina Voldstad.
Flugefiske og alt det andre kan komme etter kvart.
Ho er også tydeleg på at ein ikkje treng å kjøpe alt av utstyr. Familien hennar er skamlause lånarar.
– Viss du kan låne eit ubrukt telt av ein venn eller nabo og bøte på det dårlege friluftssamvitet deira, blir dei nok hoppande glad.
Sist men ikkje minst, er det viktig å fokusere på mykje kos. Ver altså ikkje redd for å pakke tungt dei første gongene.
– Servar pannekaker og ha med smågodt. Dei første gongene er det gjerne lurt å pakke meir, droppe lange fotturar og køyre tett inntil der de skal vere. Då kan ein ha med alt ein treng for å kose seg.
Nina Volstad og sonen Vilder frå ein tur i fjor sommar.
Foto: PrivatByt stove med framande
Ønskjer du deg ein tur til Lofoten, eller ein byferie i Oslo?
Dei siste åra har det dukka opp fleire Facebookgrupper der du kan byte hus eller hytte med folk over heile Noreg. Det kostar ingenting.
Nokre av gruppene har fleire tusen medlemmer, og det kjem stadig fleire.
Mette Bøe Lyngstad administrerer gruppa husbyte på Facebook.
Ho er erfaren i byteverda og har budd på Hawaii, i Australia og fleire stader i Europa heilt gratis.
Samtidig legg ho ut sitt eige hus i Bergen til dei som ønskjer å oppleve vestnorsk sommar.
– Vi som starta denne gruppa, har veldig tru på dette. Kvifor skal hus stå tomme gjennom sommaren, spør ho.
Lyngstad ser at nordmenn byrjar å varme opp for bustadbyte, og seier det finnast ei mengd fordelar med det.
– Du får utruleg gode lokale tips. Både kva stader ein burde sjå, dei beste restaurantane og nye impulsar på stader du aldri har vore.
I tillegg er det eit økonomisk og berekraftig alternativ meiner ho.
Kan du tenke deg å bytte hus med noen andre i ferien?
Harrystatus er borte på camping
Stadig fleire vel camping som ferieform. Det viser statistikk frå NHO Reiseliv.
Mange campingstader førebur seg på ein hektisk sommar.
Under korona fekk campinglivet sin renessanse.
Regionsdirektør i First Camping i Noreg Vebjørn Hagen, kan fortelje at det gler bransjen.
– Camping er i vinden og blir no linka til aktiv ferie, som er trendy.
Hagen trur mange prioriterer ein meir aktiv ferie i eige land når utanlandsreiser blir nedprioriterte på grunn av økonomi.
Han spår ein hektisk sommar for sin eigen bransje.
– Om vi tenkjer eit år tilbake i tid, var nok utanlandstur nummer éin på ønskjelista. Vi ser jo av resultatet at sikkert mange reiste ut, men at det hamna unormalt mange på norske campingplassar likevel.
Campingbransjen rustar opp for storinnrykk i sommar. Her frå Moysand camping i Grimstad.
Foto: Erik Wiig Andersen / NRKEin treng ikkje sjå langt av stad
Generalsekretær i Den norske turisforeining Dag Terje Klarp Solvang, trur det største moglegheitsrommet mange går glipp av i ferien, er gøymd rett under nasen på folk.
– Ein burde tenkje meir på kva ein kan gjere der ein bur. Prisen blir lågare og du har kanskje råd til å skape fleire opplevingar.
Solvang ser både ein auke og endring i grupper dei tiltrekkjer til tilboda sine – både turar, hytter og aktivitetar.
– Vi har fleire barnefamiliar, folk som vil oppleve meir og reise mindre, og dei som ønskjer den enkle forma for friluftsliv. Som til dømes ungdom som dreg ut i naturen med hengjekøye.
Han trur dei aller fleste vil snu på krona i sommar og heller velje trygt for ikkje å øydeleggje hausten.
– Er ein litt kreativ er det ikkje sånn at kvaliteten på ferien blir dårlegare. Den blir kanskje litt annleis, men ein sit igjen med vel så mange fine opplevingar.
Hei!
Har du tips eller innspill til denne saken eller andre ting vi bør skrive om? Send meg gjerne en e-post!
Velkommen til dialog hos NRK. Siden du er pålogget andre NRK-tjenester så slipper du å logge inn på nytt her, men vi trenger ditt samtykke på våre brukervilkår for dialog på nett