Tilbake til normalen for Start - trur på 6000 tilskodarar

Start-direktør Magne Kristiansen trur på kring 6000 tilskodarar på Sør Arena når Start møter Sarpsborg 08 søndag. Dermed blir det langt færre tilskodarar enn då laget nedsabla Sogndal for to veker sidan.

Start

Det blir neppe fulle tribunar på Sør Arena søndag, men Start-direktør Magne Kristiansen trur på siger.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Vi venta ikkje at vi skulle klare over 10 000 tilskodarar til denne kampen. Mot Sogndal køyrde vi ein massiv kampanje, seier Kristiansen til NRK.

Mot Sogndal dumpa Start prisane. Det resulterte i at over 10 000 publikummarar fann vegen til Sør Arena. Mot Sarpsborg søndag kan sørlendingane sikre ny eliteseriekontrakt, utan at det ser ut til å få fotballsupportarane til stadion.

Fire strake sigrar

– Det er vanskeleg å slå fast kor mange tilskodarar det blir, men utifrå førehandssalet ser det ut til at vi landar på mellom 5500 og 6000 tilskodarar. Det er omtrent på snittet i år, seier Kristiansen.

– Eg trur nok også at haustferien kan slå litt ut også. Men erfaringsmessig er det veldig mange som bestemmer seg tett inntil kampen. Vêrmessig ser det bra ut, så vi håpar det kjem så mange som mogleg, seier han.

Det såg særs mørkt ut for Start tidlegare denne sesongen. Frå 16. mai til 11. august vann ikkje Start ein einaste seriekamp. Men no har det verkeleg snudd for gultrøyene. Laget har vunne sine fire siste kampar.

– Ufatteleg viktig kamp

– Eg hadde veldig tru på at vi skulle klare å snu det. Vi hadde ein god start på sesongen og eg visste at det budde mykje i laget. Men eg hadde nok ikkje trudd at vi skulle stå med 31 poeng etter 25 kampar, seier han.

– Korleis er nervane før den viktige kampen?

– Eg er relativt roleg. Men eg er spent, for det er ein ufatteleg viktig kamp for oss. Vinn vi er vi vel nær å ha sikra eliteseriespel også neste år. Men vi er litt avhengig av andre resultat også, seier han.

VIDEO: Vi spurte fire Start-spelarar korleis dei skal slå Sarpsborg 08 søndag.

VIDEO: Start-spelarane har tru på siger mot Sarpsborg 08.

Perioden Start er inne i er svært spesiell for klubben. Det sier keepertrener Erik Ruthford Pedersen, som har vært i klubben i flere tiår. Han har opplevd mye, men rangerer perioden laget er inne i nå veldig høyt.

VIDEO: Start har snudd motgang til medgang og har klatra på tabellen. Keepertrenar Erik Ruthford Pedersen seier klubben er inne i ein særs spesiell periode. Også trenar Mons Ivar Mjelde er nøgd.