Tilbake etter landslagsnekt

Lene Mykjåland er tilbake på det landslaget i fotball for kvinner.

Lene Mykjåland i duell med Japanske spillere
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Sørlendingen nekta å spele medan Bjarne Berntsen var landslagssjef. Men då Eli Landsem tok over sa Mykjåland igjen ja til å spele med flagget på brystet.

No er ho teken ut til kvinnelandslaget sin treningsleir på La Manga 12.-17. januar. Der skal Noreg møte Kina og England i treningskampar.

I tillegg er lyngdølen Ingvild Stensland teken ut i troppen.

Troppen

Ingrid Hjelmseth (Stabæk)
Christine Colombo Nilsen (Lyon)
Lisa-Marie Woods (Kolbotn)
Marita S. Lund (LSK)
Kristin Lie (Trondheims-Ørn)
Marit Fiane Christensen (Røa)
Maren Mjelde (Arna/Bjørnar)
Toril H. Akerhaugen (Stabæk)
Ingrid Ryland (Arna-Bjørnar)
Camilla Huse (Røa)
Leni Larsen Kaurin (Turbine Potsdam)
Guro Knutsen (Røa)
Anneli Giske (Fløya)
Ingvild Stensland (Lyon)
Trine Rønning (Stabæk)
Marie Knutsen (Røa)
Lene Storløkken (LSK)
Solveig Gulbrandsen (Stabæk)
Lise Klaveness (Stabæk)
Lene Mykjåland (Røa)
Isabell Herlovsen (Lyon)
Elise Thorsnes (Røa)
Cecilie Pedersen (Avaldsnes)