Hopp til innhold

Kronprinsparet støtta ungdoms-prosjekt

Kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon gav 600 000 kroner til ungdomsprosjekt i Bangladesh og Ecuador.

Kronprinsparet støtta ungdomsprosjekt

UNGDOMSPROSJEKT: Prosjektet Ungt entrepenørskap fekk 600 000 kroner frå kronprinsparet sitt Humaniære Fond. Her er kronprinsen og kronprinsessa saman med to jenter som har vore med i prosjektet, under utdelinga i Kristiansand.

Foto: Ane Lindahl/NRK

I dag delte dei to ut prisen på Universitetet i Agder i Kristiansand.

– Vi har fokusert lenge på ungdom og tykkjer arbeidet med entrepenørskap har vore spennande. Både Strømmestiftelsen og Misjonsalliansen har hatt fokus på entrepenørskap. Dette er to veldig gode prosjekt og vi vart entusiastiske og tykte det var fint å gje ei handsrekking til prosjektet, seier kronprinsen til NRK.no.

Fellesprosjekt

Prosjektet er eit fellesprosjekt mellom Strømmestiftelsen og Misjonsalliansen. Strømmestiftelsen sitt Shonglap-program i Bangladesh, er ei eittårig utdanning for ugifte kvinner mellom 11 og 19 år, som på grunn av fattigdom ikkje har gått på skule.

Jentene får lese- og skriveopplæring og kunnskap og hjelp til å starte ei lita verksemd som kan gje arbeid og inntekt til seg sjølve og familien.

Misjonsalliansen sitt Jovenes Emprendedores betyr unge gründarar og er eit nytt prosjekt som kombinerer lån og opplæring til ungdom mellom 17 og 23 år i storbyslummen i Guayaquil i Ecuador.

– Dei gjer unge jenter moglegheit til å ta ansvar og skape noko for seg sjølv, seier kronprinsesse Mette-Marit. Ungdom har vi jobba med sidan vi starta i 2001. Eg har veldig stor tru på ungdom. Dei er viktige dersom vi skal få utviklinga slik vi ynskjer. Vi er nøydde til å starte med ungdommen, og det gjeld ikkje berre ute i den store verda, det gjeld også her heime, seier kronprinsesse Mette-Marit.

Kronprinsbesøk UiA

STOR INTERESSE: Mange studentar og andre interesserte hadde møtt opp i samband med kronprinsbesøket på Universitetet i Kristiansand.

Foto: Ane Lindahl/NRK

Fattigdomsbekjempelse

Pengane kjem frå Kronprinsparets Humaniæret Fond, som vart oppretta i 2001 då dei gifta seg. I anledning utdelingapå Universitetet i Agder vart det arrangert eit fagseminar om ungt entreprenørskap og mikrofinans.

– Ungdom og menneskelege ressursar er dei viktigaste ressursane for å byggje samfunn i framtida. Er det slik at mange går ledige, kan det føre til mange negative ting og ha mange negative effektar, sier kronprinsen.

– Difor er det veldig viktig at vi finn inovative og gode måtar å få ungdom engasjert på. Det er bra for å byggje økonomien og skape betre liv for dei sjølve og familiane deira. Det er ein effektiv måte å drive bekjempelse av fattigdom på, legg han til.

Kronprinsparet skulle i utgangspunktet vere att i ti minutt etter utdelinga, men tok seg god tid til å snakke med prisvinnarane, studentar og andre. Det gjorde at dei var på universitetet i nærare ein time etter utdelinga.

Under utdelinga fekk dei frammøtte høyre sterke historier til to jenter frå kvart av prosjekta.

Arnt Jerpstad og Øyvind Aadland

NØGDE: Generalsekretær i Misjonsalliansen, Arnt Jerpstad (t.v) og generalsekretær i Strømmestiftelsen, Øyvind Aadland var godt nøgde med å motta pengane frå fondet til kronprinsparet.

Foto: Ane Lindahl/NRK

– Stor dag

– For oss er dette ein stor dag. Det er ein anerkjennelse å få dette frå kronprinsparet sitt humanitære fond. Det løftar opp ein viktig problematikk, nemleg ungdom og bistand, som er eitt gløymt område, innanfor bistand, seier generalsekretær i Misjonsalliansen, Arnt Jerpstad.

– I tillegg løftar det opp samarbeidet mellom Misjonsalliansen og Strømmestiftelsen, som vi har veldig tru på, seier Jerpstad.

– Mange av jentene lever i isolerte landsbysamanhengar, der dei vert gøymde bort, og gifta bort i alt for tidleg alder, eller dei vert utsette for trafficking eller andre vanskelege ting. Her er ei moglegheit til å utvikle ressursane og bli til noko i landsbyen. Så vil dei og få moglegheit til å realisere dramane sine, seier generalsekretær I Strømmestiftelsen, Øyvind Aadland.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %