Hopp til innhold

Starta med oppussing som tidsfordriv – enda opp med 200.000 i forteneste

For Merethe Gimle Eik vart det god butikk å totalrenovere ei leilegheit på eiga hand. Men ho er ikkje den einaste som har fått auga opp for fenomenet bustadflipping.

Merethe Gimre Eik

Merethe Gimre Eik kjøpte leilegheit i Kristiansand til 1.7 millionar kroner. To månader seinare var den selt for 2.5 millionar kroner.

Foto: Ada Bjøranger / NRK

– Når eg kjem inn i ei leilegheit er det som eit kvitt lerret, også kan eg berre byrje å måle akkurat som eg vil.

På to månader har Merethe Gimre Eik forvandla ei nedsliten leilegheit i Kristiansand sentrum, til eit innflyttingsklart og moderne heim.

Merethe Gimre Eik

Leilegheita i Kristiansand sentrum har mellom anna fått heilt nytt kjøkken.

Foto: Ada Bjøranger / NRK

Men Gimre Eik har ingen planar om å bu der sjølv. Ho fekk ei gledeleg overrasking då meklaren fortalde kva ho meinte det nye prisforslaget var.

Leilegheita vart kjøpt for 1,7 millionar kroner. To månader og mange arbeidstimar seinare selde ho den for vel 2,5 millionar kroner.

– Eg har aldri jobba så hardt i mitt liv, fortel Gimre Eik.

Men det harde arbeidet gav god økonomisk gevinst. Når alle kostnader og utgifter knytt til prosjektet var dekt, sat ho igjen med i underkant av 200.000 kroner.

Leilighet før oppussing

Slik såg stova ut då Merethe Gimre Eik kjøpte leilegheita i Kristiansand sentrum.

Leilighet etter oppussing

No er nytt kjøkken på plass i det samme rommet.

Kjøkken før oppussing

Dette rommet var kjøkken tidlegare.

Ekstra soverom etter oppussing

No er det blitt eit ekstra soverom.

Bad før oppussing

Slik såg badet ut då Merethe Gimre Eik kjøpte leilegheita.

Bad etter oppussing

Slik ser det ut i dag.

Soverom før oppussing

Soverommet i leilegheita såg slik ut tidlegare.

Soverom etter oppussing

Sånn ser det ut i dag.

Stor interesse

Gimre Eik er ikkje den einaste som har fått auga opp for moglegheitene ved såkalla bustadflipping.

Folk har fått endå meir interesse for å prøve seg med nye prosjekt, både i eige hus og å kjøpe for å selje vidare, seier eigedomsmeklar Jon Røsstad hos Sørmegleren i Kristiansand.

Eiendomsmegler hos Sørmegleren i Kristiansand, Jon Røsstad.

Eigedomsmeklar Jon Røsstad trur mange fekk prøvd seg fram med oppussing i eigen heim under pandemien.

Foto: Ada Bjøranger / NRK

Også dagleg leder Daniel Hellenes i DNB Eiendom i Kristiansand seier interessa for å setje i gang med bustadprosjekt er stor.

Det er alltid populært, og det er fordi folk ser ein mogleg gevinst, fortel Hellenes.

Ifølgje Hellenes er det i hovudsak tre kjøpargrupper som er ute etter bustadene som eignar seg for flipping.

Det er ein relativt konstant faktor i marknaden at folk er på utkikk etter gode oppussingsobjekt, seier Hellenes.

I tillegg til bustadflipparane er det dei som ser etter oppussingsobjekt som eit høve til å komme inn på bustadmarknaden for ein rimelegare penge.

Den tredje gruppa er dei som kjøper for å leige ut.

Har ein gjort det ein gong med suksess er jo moglegheita større for at ein klarer det på ny, seier Hellenes.

NRK forklarer

Meglernes beste tips for å lykkes med boligflipping

Meglernes beste tips for å lykkes med boligflipping

Tenk på beliggenhet

Eiendomsmeglere som NRK har snakket med nevner beliggenhet som en av de viktigste faktorene for å gjøre suksess med boligflipping. 

 

– Finner du noe der det er høy etterspørsel er det også lettere å selge igjen, sier Daniel Hellenes i DNB Eiendom. 

Meglernes beste tips for å lykkes med boligflipping

Se etter dårlige planløsninger

Jo mer som må pusses opp, jo større kan den økonomiske gevinsten bli. Kanskje kan du få inn et ekstra soverom, og dermed blir det en helt annen bolig.

 

– Jo mer du kan gjøre selv jo mer kan det være å tjene i den andre enden, sier Jon Røsstad hos Sørmegleren. 

Meglernes beste tips for å lykkes med boligflipping

Bruk god tid

– Skal man finne et godt objekt bør man bruke tid, sier Daniel Hellenes i DNB Eiendom.

 

Bruk god tid på å sette deg inn i markedet, og les salgsoppgavene nøye. Hvis ikke kan det plutselig dukke opp helt uforutsette utgifter. 

Meglernes beste tips for å lykkes med boligflipping

Vær nøye

Det er ikke alt man kan gjøre selv, og til noen oppgaver er du nødt til å få inn fagfolk. Særlig viktig er det når det gjelder våtrom og elektrisitet. 

 

– Kjøpere i dag er nøye med at ting er gjort ordentlig, sier Daniel Hellenes i DNB Eiendom. 

 

Han forklarer at kjøpere som er håndtverkere selv gjerne er dem som potensielt har den største oppsiden hva gjelder gevinst.  

Då Merethe Gimre Eik starta med oppussinga av leilegheita i Kristiansand hadde ho allereie pussa opp ein del i tidlegare heim.

– Men her er det ein del nye ting eg har måtte gjere. Eg har brukt YouTube også har eg snakka med handverkarar.

Då ho skulle finne ut kva ho kunne gjere sjølv og ikkje på badet, ringde ho takstmannen og spurde om råd.

– Det meste ordnar seg, og viss ikkje lærer ein noko. Sånn tenkjer eg, seier ho.

Merethe Gimre Eik

Det er mykje ein må lære undervegs. Då kan YouTube og Google vere til god hjelp.

Foto: Ada Bjøranger / NRK

Får inspirasjon frå sosiale medium

– Det kan liggje risiko men det kan liggje store gevinstar òg, så eg skjønner at folk blir trigga av det, seier banksjef Rune Meås Nilssen, i SR-Bank i Kristiansand.

Han fortel at særleg unge folk tek kontakt, med håp om å tene gode pengar på å flippe bustader.

Mange av dei har funne inspirasjon og motivasjon på sosiale medium.

– Dei ser folk som er suksessfulle på dette og tener mykje pengar, seier Meås Nilssen.

For å kunne setje i gang med bustadflipping, er det ei rekkje økonomiske faktorar ein må tenkje på.

– Vi må sjå at dei har råd til å betene gjeldt, dei må ha eigenkapital og råd til kostnadene, seier Meås Nilssen.

I tillegg må banken gjerne hjelpe dei med å tenkje på skatt.

Det er mange fallgruver i eit sånt prosjekt, seier Meås Nilssen.

Banksjef SR-bank Kristiansand Rune Meås Nilssen

Banksjef Rune Meås Nilssen skjønnar at folk blir inspirert av dei gode historiene om bustadflipping.

Foto: Ada Bjøranger / NRK

På utkikk etter nytt prosjekt

No som leilegheita er seld, er Merethe Gimre Eik på utkikk etter eit nytt prosjekt.

– No har eg hatt ein to vekers pause, så no er eg klar for å setje i gang med noko nytt, seier ho.

Det første ho gjer om morgonen er å opne Finn.no.

Ho har nokre spesielle ting ho ser etter. For det første prøver ho å unngå sjølveigarbustader. Då står ho ikkje åleine om det er noko gale med nokon av dei større tinga i bygget.

Ho ser på dei leilegheitene som ligg sentralt i Kristiansand sentrum. Og så ser ho nøye på planteikninga, og sjekkar om det er mogleg å få inn eit ekstra soverom.

Har ein draum om å gjere det og har høve til å gjere det, så bør ein gjere det, oppmodar ho.

Merethe Gimre Eik scroller på Finn

Merethe Gimre Eik bruker mykje tid på Finn.no på jakt etter eit nytt prosjekt.

Foto: Ada Bjøranger / NRK
null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,64 kr
Dyrest kl. 02 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %