Viking vann til slutt 1-0 etter ei sein scoring av Marin Hummervoll seks minutt før slutt.
Start har ei rekkje spelarar på skadelista før sesongstart og måtte hente inn tre spelarar på Vindbjart til generalprøva mot Viking.
Både Rolf Daniel Vikstøl, Jesper Mathisen, Espen Hoff, Jon Hodnemyr, Lasse Sigurdsen, Adi Markovic og Eirik Wichne er alle ute med skade ei veke før laget opnar sesongen mot Lillestrøm borte.
Men Start var godt med mot Viking sjølv om dei ikkje skapte mykje offensivt.
Defensivt hadde John Olav Norheim og Alex de John stort sett kontroll. Dei to danna midtforsvaret i generalprøva i Stavanger.