Start må kutte åtte millionar kroner

Sviktande inntekter gjer at fotballklubben Start må kutte åtte millionar kroner i årets budsjett. Det betyr nedbemanning både i administrasjon og i spelargruppa.

Sør Arena

Start må kutte over åtte millionar kroner.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Even Øgrey Brandsdal

Administrerande direktør Even Øgrey Bransdal.

Foto: Kim Nystøl / NRK

– Dette er meget dramatisk. Det er ein tung dag for alle som er i klubben og som er glade i Start. Men vi har ein plan vi jobbar etter, og vi skal komme i mål, seier administrerande direktør Even Øgrey Brandsdal til NRK.

– Kva konkret inneber dette?

– Det inneber nedbemanning, kollektivt lønnskutt. Det vil og innebere at vi vil oppleve spelaravgang i form av naturleg avgang og sal, som gjer at vi får ned dei totale lønskostnadene, seier Brandsdal.

Informert på møte

Start-sjefen forklarar kutta med sviktande tilskodartal i fjor og mindre sponsorinntekter.

– Vi opplever ei markant endring i marknaden. Spesielt med oljeprisen som har halvert seg. Nokre av dei store lokomotiva på Sørlandet må nedbemanne. Det har også konsekvensar for våre eksisterande og potensielle samarbeidspartnarar, seier han.

Dei tilsette i klubben vart informert på eit allmøte måndag.

Det er førebels ikkje klart kor mange som eventuelt vil miste jobben sin.

Se intervju med administrerende direktør Even Øgrey Bransdal om den økonomiske situasjonen i Start.

Sjå intervju med administrerande direktør i Start, Even Øgrey Brandsdal.

– Må tene pengar

– Vi er midt inne i ein prosess og det håpar eg de og alle andre har respekt for. Vi får heller jobbe oss gjennom dette og konkludere når vi er ferdige med prosessen her hos oss, seier Brandsdal.

Dersom Start ikkje har positiv eigenkapital innan 31. oktober i haust risikerer dei å ikkje få lisens for 2016-sesongen.

– Vi må tene pengar og samstundes styrkje eigenkapitalen, som ikkje er noko å skryte av no. Vi har ein stor jobb føre oss, seier Brandsdal.