Hopp til innhold

Stabæk slo tilbake mot Start

Start tok leiinga mot Stabæk, men kollapsa i andre omgang og tapte 2-4. Start står no utan siger på fem eliteseriekampar.

Start kom best i gang på Sør Arena, og hadde fleire sjansar tidleg i kampen til å ta leiinga.

Etter 15 minuttar spel prøvde backen Rolf Daniel Vikstøl seg med eit skot frå 25 meter. Skotet gjekk 30 centimeter over tverrliggjaren til Stabæk-keeper Jan Kjell Larsen.

Scora mot gamleklubben

Etter 32 minutt sende Espen Hoff Start i leiinga. Hoff har tidlegare spelt i nettopp Stabæk.

Fem minutt før pause kom Hoff rundt på kanten og slo inn. Men ingen i feltet klarte å tuppe ballen i mål. Minuttet seinare heada Avni Pepa like utanfor på eit hjørnespark. Stillinga var dermed 1-0 til Start til pause.

I andre omgang gjekk Stabæk ut i hundre. Allereie etter eitt minutt spel utlikna bærumsklubben til 1-1 ved Pálmi Rafn Pálmason.

Fem minutt seinare holdt Start på å rote det skikkeleg til i eige forsvar. Eit dårleg tilbakespel frå Jesper Mathisen lagde trøbbel for keeper Kenneth Høie, som i siste liten fekk banka ballen vekk.

– Fantastisk lagmoral

I det 55. minutt fekk heimelaget ein kjempemoglegheit til å gå opp i leiinga igjen. Petter Bruer Hanssen stod heilt umarkert, men klart på uforklarleg vis å heade over.

Tre minutt seinare var bortelaget i angrep. Alain Junior Ollé Ollé hamra ballen i motsett kryss frå omtrent 15 meter, og det stod 1-2 på Sør Arenal. Tre minutt seinare var Pálmi Rafn Pálmason igjen på farten og sende Stabæk opp i leiinga 3-1.

Berre tre minutt seinare tente Start nytt håp om tre poeng. Ole Martin Årst reduserte til 2-3. Men Stabæk gjekk rett i angrep, der Veigar Pall Gunnarsson sende bortelaget opp i 4-2, som også vart sluttresultatet på Sør Arena.

– Det var ein fantastisk kamp. I andre omgang er vi gode. Vi scorar fine mål og har ein utruleg lagmoral i gruppa. Det er fantastisk, sa Stabæk-trenar Jørgen Lennarstsson til TV2 etter kampen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %