NRK Meny
Normal

Sparka, slo og sette fyr på mann

Ei 45 år gammal kvinne er dømd til 120 dagars fengsel for mishandling av ein mann i Kristiansand.

Episoden fann stad ein kveld i august i fjor.

Saman med ein annan mann slo, sparka og tømde ho brennbar væske over mannen og sette fyr på.

Ho skal også ha hoppa på brystkassa og kneskålene til mannen. Han var bunde fast og hadde teip over munnen.

45-åringen erkjente straffeskuld i retten. Kvinna er domfelt fem gonger tidlegare for narkotikabrotsverk.

Mannen som vart utsett for mishandlinga fekk brannskader på den eine foten. I retten forklarte han at han frykta å døy medan mishandlinga pågjekk. Han fortalde også at han har slite med angst etter hendinga.

I tillegg til fengselsstraff må kvinna betale 25 000 kroner i oppreisningserstatning til mannen.