NRK Meny
Normal

Brukte drøymesommaren til å skape julestemning

Tenkte du på snø, englar og juleknask på stranda i august? Det gjorde Sissel Kyrkjebø.

Sissel Kyrkjebø blir intervjuet av Janne Aateigen om kommende juleturne og om forholdet til Sørlandet.

Sjå intervju med Sissel Kyrkjebø.

Sissel Kyrkjebø

Sissel Kyrkjebø under opninga av juleturneen i eit fullesett Oslo spektrum i sommar.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Allereie i august var nemleg den kjende songaren i gang med å førebu seg til ein ny juleturnè.

– Vi må jo ligge litt føre, vi som skal ut på juleturnè, ler Kyrkjebø.

– Midt i hetebølgja stod vi inne og sang «Glade jul» og «O helga natt». Men eg tykkjer det er fantastisk å få lov til å reise på juleturnè igjen, seier Kyrkjebø.

Skal til Sverige

Den bergensfødde songaren var på juleturnè også i fjor. For å vere klar til jula må førebuingane starte tidleg. Under prøvene i august hadde ho med seg tre koristar frå New York.

I fjor sang Kyrkjebø jula inn blant anna i Skien, Oslo, Trondheim, Bergen og Kristiansand.

I år blir ho å sjå på scena i mellom anna i Oslo, Stavanger, Bergen, Kristiansand, Uppsala og Göteborg i Sverige.

– Eg legg alltid litt om når eg skal ut på ny turnè. Mange sangar vert bytt ut og nokre sangar går att. «O helga natt» og «Glade jul» blir sjølvsagt med vidare, seier ho.

Gler seg

Kyrkjebø vil i år synge julesangar som er kjende i USA, men ikkje fullt så kjende for oss nordmenn.

– Det er slike ting eg tykkjer er gøy å blande inn, seier ho.

Kyrkjebø har drive med song i ei årrekkje og gler seg framleis like mykje til konsert.

– Eg tykkjer det er utruleg spennande. Det er ei sitring, forventning og glede. Det er det eg føler før eg skal på scena og synge musikken eg elskar å synge, seier Kyrkjebø.

Kyrkjebø er gift med sørlendingen Ernst Ravnaas. Innimellom julesongane i sommar vart det litt tid til å nyte finvêret også på Sørlandet.

– Eg bada jo, det plar eg alltid gjere når eg er på Sørlandet. Men eg er kanskje meir ei landkrabbe enn ei strandkrabbe. Men i år var det jo heilt fantastisk, ler Kyrkjebø.

Sissel Kyrkjebø synger Joshua Fit the Battle of Jericho