Hopp til innhold

Slik kan du avsløre falske QR-kodar

Datatilsynet ber folk vere kritiske før ein trykker på lenker frå QR-kodar. Ein enkel metode kan avsløre falske kodar.

Falske QR-koder på parkeringsautomater i KrS. Her fjernet og tatt hånd om av parkeringsselskapet.

Falske QR-kodar blei klistra opp på parkeringsautomatar i Kristiansand førre veke.

Foto: Etablissement A/S Grefsen Private

– Det er rett og slett berre trist at det finst nokon der ute som legg ned mykje arbeid i å prøve å lure andre menneske, seier landssjef i EasyPark Stian Andre Holst.

Det vart slått alarm i Kristiansand då det var oppdaga falske QR-kodar på parkeringsautomatar i byen i førre veke

Kodane var klistra på automatane.

Les også Nå også i Norge: Parkeringskunder forsøkt svindlet

P-automat med falsk QR kode (KrS)

Enkel metode

Det var parkeringsvakter som oppdaga at noko ikkje var som det skulle.

Over 20 klistremerke vart fjerna.

– Det var klistra QR-kodar på automatane i eit forsøk på å lokke folk inn på ei falsk nettside, sa Tor Stea i Kristiansand kommune.

Bruk av QR -kodar har blitt ein del av kvardagen vår. Og spesielt under covid-pandemien auka bruken.

Datatilsynet ber folk vere kritiske og bruke ein enkel metode for å sjekke om ein QR-kode er ekte eller falsk, før du trykker deg vidare.

– På same måte som ein får e-postar med ukjente og skumle lenker. Når du skannar ein QR-kode på telefonen kan ein sjå adressa som dukkar opp før ein trykker på den. Det anbefaler vi at ein gjer, seier spesialrådgjevar i Datatilsynet, Eirik Gulbrandsen.

P-automat med falsk QR kode (KrS)

Over 20 falske QR-kodar blei fjerna frå parkeringsautomatar i Kristiansand.

Foto: Privat

Ber folk følgje med

Ifølge Datatilsynet har ikkje falske QR-kodar vore eit stort problem i Noreg til no.

Men dei følgjer med.

– Vi ser ikkje på dette som noko stort problem, og har ikkje fått indikasjonar på at dette har eit stort volum. Men vi oppfordrar jo alle til å vere ekstra merksame når ein skannar kodar og følgjer litt med på kor adressa leier, seier Gulbrandsen.

Easypark har åtvara kundane sine mot falske QR-kodar og falske e-postar på nettsidene sine i halvtanna år.

– Vi har vore førebudde på at dette kan komme også i Noreg. Så håpar vi at ikkje publikum lèt seg lure av desse falske klistremerka, seier Holst.

Han meiner Noreg har ein liten fordel samanlikna med andre land, spesielt når det gjeld betaling for parkering.

– Folk i Noreg er ikkje vant med å bruke QR-kode for parkering. Vi anslår at over 90 prosent bruker appar på telefonen når dei skal betale for parkering, seier han.

Les også DNB-navnet misbrukt i omfattende svindel

Slik så den falske annonsen i Portugal ut.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Utenfor apoteket der drapet skjedde

Nekter fortsatt straffskyld etter apotekdrapet

Vei og gangfelt

Barn påkjørt - ukjent skadeomfang

lekestativ

Unge topper fraværsstatistikken i barnehager

Thor Husovd i blå skjorte

Avslører etter Uno-X-bragda: – Nå vil store stjerner hit

tre personer som står i en hage

Død person funnet i brannruiner

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste