Slik «reddar» kommunen grasmatta

Både Amazon Grimstad og Jerv får spele sine kampar på Levermyr stadion, trass i at graset har fått hard medfart i vinter.

Levermyr stadion

Før seriestart låg det eit tjukt islag på bana. (Arkivfoto)

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Bygartnar i Grimstad Ove Bach stadfestar overfor NRK at ein vil prøvde å «reddar» grasmatta i staden for å legge ny.

9. mai spelar Amazon Grimstad heimekamp mot Klepp. Kampen skal etter planen gå på Levermyr. Dagen etter skal bana luftast.

Deretter skal bana såast på nytt. Etterpå vert det lagt over ein fiberduk der den kan kvile i nesten to veker då den vert klar til kamp igjen.

Før sommarpausen skal bana såast endå ein gang. Etter planen skal den vere klar til kamp 26. juli.

– Vi håpar og trur at dette skal vere nok til å få bana tilbake i god stand, seier bygartnar Ole Bach til NRK.