Hopp til innhold

Slepp å betale bot for dette

På grunn av ein saksbehandlingsfeil slepp ein 40 år gammal mann å betale eit førelegg på 20 000 kroner etter at han plasserte eit raudmåla grisehovud utanfor moskeen i Kristiansand.

Grisehode

Ein 40-åring slepp å betale for etter å ha plassert hovudet utanfor ein moske.

Foto: NRK

– Klienten min er sjølvsagt veldig tilfreds med opphevinga av dommen, seier advokat Bengt Waldow til NRK.

Mannen vart i november i fjor dømd for gjerninga. I avhøyr hevda mannen at det var russ som stod bak. Seinare erkjente mannen at det var han som hadde plassert hovudet utanfor moskeen.

Saka vekte sterke reaksjonar i det muslimske miljøet i Kristiansand.Leiar for Muslimsk Union Agder, Akmal Ali, seier mange vart støtt.

– Nokre reagerte med sjokk og følte seg angripne. Mange var veldig såra, sa Ali.

NRK har ikkje lukkast med å komme i kontakt med Ali fredag.

No er det opp til påtalemakta å vurdere om ein vil prøve saka på nytt i retten.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %