Hopp til innhold

Slanka seg 14 kg for å spele Sven O

Ingar Helge Gimle slanka vekk 14,6 kilo for å spele rolla som Sven O. Høiby i filmen «En helt vanlig dag på jobben».

Ingar Helge Gimle

SLANKA SEG: Skodespelar Ingar Helge Gimle slanka seg 14,6 kilo for å spele Sven O. Høiby i filmen «En helt vanlig dag på jobben».

Foto: Kyrre Lien / SCANPIX

– Eg brukte ni-ti veker på å bli mest mogleg lik Høiby, seier skodespelaren.

– Eg sat med underbitt, øvde meg heile tida på sørlandsdialekta, vart tynnare og tynnare og fekk til slutt farga håret grått, seier Gimle til VG Nett.

– Var litt manisk

Det er knytt stor spenning til filmen som kjem på lerretet 12. mars. Den handlar om journalist Håvard Melnæs og arbeidsmetodane i Se og Hør. Journalisten fekk etterkvart eit godt forhold til Høiby, noko som vert gjenspegla i filmen.

– Eg vart litt manisk, og byrja å forstå kva ting anorektikarar slit med. Då eg hadde komme ned i 72,5 kilo, var eg eigentleg tynn nok. Men då byrja eg å sjå fettvalkar, og tenkte at eg skulle ned til rundt 70. Når det målet var nådd, var det å komme under 70 neste mål. Eg stoppa på 69 kilo, seier skodespelaren som no skal ha fått nokre av kiloane tilbake.

Tenkte på Høiby

– Det er rart å spele ein mann som døydde så seint som i 2007. Eg tenkte mykje på han undervegs i løpet av innspelinga, og ville gjerne yte han rettferd, gje han truverdighet. Eg tenkte også på forholdet til dottera, Mette-Marit, som eg alltid har likt. Eg ville gjerne vise Høiby som ein person der ein forstår både faren og dottera sine reaksjonar, fortel han.

Sven O. Høiby

PÅ FILM: Ingar Helge Gimle skal spele Sven O. Høiby (bilete) i filmen «En helt vanlig dag på jobben».

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– Eg trur Høiby visste kva han gjorde, kva han var med på. Eg vil vise eit menneskeleg aspakt som framhevar både sterke og svake sider ved mannen. Vi her på berget er litt redde for å vise dei skeivare sidene av livet; sinne og temperament, alt det som ulmar under overflata, seier han.

– Ikkje heilt meg

– Kva forhold har du sjølv til Se og Hør?

– Eg tykkjer mange av dei som jobbar der er veldig hyggelege. Det å bli intervjua og fotografert med vener og familie på premierer og slike festligheter er heilt ok. Men når det gjeld den private sfæren som bladet søkjer etter, buttar det imot. Det er ikkje meg å stille opp på det, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,65 kr
Dyrest kl. 20 1,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %