Hopp til innhold

Skuffa over statsbudsjettet: – Dette er berre småtteri

Både KrF, Høgre og Frp er særs skuffa over at veg har fått lite plass i statsbudsjettet som vart lagt fram måndag føremiddag.

Svein Harberg (H)

Svein Harberg (H) er skuffa over statsbudsjettet.

Foto: NRK

– Det viser at det som vart sagt i ein heit valkamp ikkje held vatn, seier Åse Michaelsen (Frp) til NRK.

– Det som ligg inne no må eg nesten seie er småtteri. Det blir veldig spennande når vi skal bearbeide dette, seier Harberg til NRK.

Lovar midtdelarar

I budsjettforslaget ligg følgjande inne på veg på Sørlandet:

  • E18: Det ligg inne pengar til å byggje midtrekkverk på strekningane Temse – Frivold og Stølen – Harebakken.
  • Riksveg 9: Det er sett av statlege midlar og bompengar til sluttfinansiering av prosjektet riksveg 9 Krokå – Langeid.
  • E 39: Midlar til bygging av midtrekkverk på E39 Rosseland–Storenes og Trybakken.
  • Belønningsmidlar: For 2014 er det sett av 80 millionar kroner i belønningsmidlar til Kristiansandsregionen. Avtala med Kristiansandsregionen er no fornya for perioden 2013-2016, med ei samla ramme på 285 millionar kroner.

– Agder er ikkje prioritert

– Eg hadde venta at dei kom med noko på veg. Anten E39 eller E18. I budsjettet har dei valt å utelate begge deler, seier Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Ropstad meiner at Agder er ein av taparane i budsjettet.

– Dessverre er ikkje Agder prioritert i dette budsjettet. Det er få satsingar og eigentleg ingen store prosjekt som vert gitt til Agder denne gangen heller, seier Ropstad.

Åse Michaelsen er særs skuffa over kor liten plass veg får i budsjettet.

– Det er jo ingenting. Midtdelarar i Trybakken er ei lita sak dei kunne ha gjort for lenge sidan. Det er bittelitegrann i forhold til behova som er der, seier ho.

– Bommar i kritikken

Kari Henriksen

Kari Henriksen meiner budsjettet er godt nytt for Sørlandet.

Foto: Nina Kristiin Vraa / NRK

Aps Kari Henriksen meiner dei blåblå bommar i kritikken.

– Det har ikkje vore strekningar i Agder inne i Nasjonal Transportplan (NTP) for 2014. Dei kjem inn i 2015, og den satsinga ligg fast. Dette kan ikkje kome som ei overrasking på Michaelsen, då har ho i så fall ikkje sett seg godt nok inn i kva NTP inneberar, seier Henriksen, som er stortingspolitikar frå Vest-Agder Arbeidarparti.

Ho understrekar at regjeringa legg opp til ei auka satsing på kollektivtrafikk.

– Kristiansandsregionen får 80 millionar kroner til å betre kollektivtilbodet. Det er ei viktig og riktig satsing.

Ifølgje Henriksen er budsjettet godt nytt for Sørlandet.

– Vi har store levekårsutfordringar her i sør, så omfordelinga som ligg i budsjettet vil vere til gode for veldig mange i landsdelen vår. Når regjeringa vel å styrke kommuneøkonomien slik den føreslår å gjera, så betyr det at kommunane i Agder kan styrke velferda til innbyggjarane sine, seier Henriksen

Avgrensa moglegheit for endringar

No skal Frp og Høgre setje seg ned å sjå på budsjettet til dei raudgrøne. Svein Harberg understrekar at dei ikkje kan gjere store endringar.

– Det er heilt klart avgrensa. Vi får ei tøff runde med å setje vårt preg på dette budsjettet, seier Harberg.

– Det må inn meir vegsatsing på Sørlandet enn det som ligg inne her no, seier Harberg.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %