Hopp til innhold

Sjeldan spissmus oppdaga: – Ligg i frysen min

For fyrste gong er ein ny type spissmus oppdaga i Agder. No ber forskarar folk om hjelp til å kartlegge arten.

Huspissmus

Gåve frå katten: Dette er husspissmusa som ein katt fekk tak i, i Flekkefjord. Ho har blant anna større øyre enn vanlege spissmus.

Foto: Lene Benedicte Hagen Thorsen

Nabokatten kom med ei gåve til meg på døra søndag morgon. Eg så straks at denne spissmusa var større enn dei som kattane vanlegvis fangar nede i hekken.

Det seier Lene Benedicte Hagen Thorsen i Flekkefjord.

Ho er ikkje redd for mus, men heller ikkje veldig interessert i å få dei inn i stova.

Men denne spissmusa forstod ho raskt at ho måtte tilby husrom.

– Eg tok kontakt med ein forskar eg kjenner og som tidlegare hadde skrive om at dei trong opplysningar om og bilete av mus. Det stemte. Så no ligg nabopus sitt bytte i frysen min!

Og musa viser seg å vere ei husspissmus, som avisa Agder fyrst kunne fortelje om.

Husspissmus

Lita mus – stor skade: Sjølv om ho er lita kan husspissmusa truleg gjere stor skade. Det er i alle fall det zoologar ynskjer å finne ut meir om.

Foto: Huspissmus

Har venta i spenning

Forskaren er zoolog Beate Strøm Johansen på Naturmuseum og botanisk hage ved UiA.

Den sjeldne spissmusa er det fleire som har venta på.

Vi zoologar har venta i spenning på når arten ville komme til Agder. Husspissmus er kjent frå Rogaland i cirka 20 år og har spreidd seg meir og meir.

Les også Har du sett denne slangen? Då vil Beate ha beskjed!

Den rødlistede arten slettsnok er en av flere slanger som lever på Møvik i Kristiansand.

Fagfolk trur ho kjem med last frå skip frå Sentral-Europa, som legg til kai i Rogaland.

– Arten har dei siste tiåra dukka opp i fleire land kor den ikkje er opphaveleg, truleg med hjelp frå menneske, seier Strøm Johansen.

Ho kan ikkje utelukke at det kan ha noko med klimaendringar å gjere.

Mildare klima kan gjere at arten klarer seg betre i nordlege land, men dette må det forskast på.

Reptilforsker Beate Strøm Johansen

Beate Strøm Johansen og kollegaene skal no undersøke husspissmusa.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

Kan gjere skade

Og sjølv om det kanskje kan høyrast litt koseleg ut at husspissmusa har slått seg ned på Sørlandet, så kan ho altså gjere stor skade.

I tillegg til å fortrengje våre eigne norske spissmusarter kan ho ha med seg ein kjip blindpassasjer.

Ein farleg bakterie som heiter leptospira, men vi veit ikkje om dei som allereie har kome til Noreg har med seg denne bakterien. Difor treng vi nokon daude individ for å ta DNA-testar.

Og no vil zoologane både analysere og kartlegge husspissmusa.

Husspissmus

Spissmus et biller, sniglar og meitemark og har spisse tenner med raude tannspissar. Denne nye arten spissmus høyrer til ei anna slekt som har kvite tenner, og større øyre enn dei norske spissmusene. – Sidan denne nye arten spissmus er litt større enn våre opphavlege artar av Sorex-slekta, så kan våre artar bli utkonkurrert. Dette har skjedd i Irland, seier forskar Beate Strøm Johansen.

Foto: Lene Benedicte Hagen Thorsen

Treng hjelp

Det er her folk, og ikkje minst katter på Agder, kan gjere eit viktig arbeid.

Det er mogleg at husspissmusa allereie har spreidd seg endå lenger aust i Agder, så vi er heilt avhengige av at publikum sender oss bilete av daude spissmus som katten kjem med.

Og aller helst ynskjer zoologane at ein legg eventuelle spissmus i frysaren, slik at det er mogleg å ta prøver.

Kva synes du om den nye spissmusa?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Sidan alle spissmus er ganske like av utsjånad er det best at folk frys ned alle daude spissmus dei finn. Husk lapp med funndata, oppmodar Strøm Johansen.

Ho kan i same slengen også opplyse om at mus og spissmus er to ulike ting:

– Spissmus er ei anna pattedyrgruppe som er insektetarar i slekt med piggsvin, medan mus er gnagarar. Tannsettet er heilt ulikt. Spissmus et biller, sniglar og meitemark og har spisse tenner med raude tannspissar.

Les også Ekspert: – Dette er ein sensasjon

Sjeldan spissmus funnen i Rogaland

Håper folk bidrar

Lene Benedicte Hagen Thorsen i Flekkefjord håpar andre på Agder vil gjere som ho, slik at ein får meir kunnskap om den framande spissmusarten.

No håpar eg folk vil følgje med og undersøke byttet katten kjem heim med.

Les også Ny art kan true norske spissmus

Husspissmus

Siste nytt fra NRK Sørlandet

en person som står på et kjøkken

Den norske kirke sier unnskyld: – På tide, og på sin plass

Jimmy Robinson

Tapte søksmål mot staten: – Det føles nytteløst

Gravid kvinne står oppreist og holder på magen

Rebekka var redd da hun ble gravid med sitt tredje barn

en mann som står på en gate

Frykter ungdom lar seg inspirere til å begå alvorlig kriminalitet

En gruppe bygninger i en by

Vil holde kirurgioppgaver borte fra Flekkefjord – skal likevel ansette to kirurger

Spilles av
Hvor «fat friendly» er Tusenfryd?
Neste